Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Statsråd Sanner til Grenland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Telemark for første gong som statsråd 19. august. På dagsorden står næringsutvikling, tyngdemålingar av Telemarkskanalen og møte om kommunereform.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vitjar Telemark for første gong som statsråd 19. august. På dagsorden står næringsutvikling, tyngdemålingar av Telemarkskanalen og møte om kommunereform.

- Eg ser fram til å vitje Grenland og Telemark. Dette er område som tek omstilling og utvikling av kultur og næringsliv på alvor. Telemarkskanalen regionalpark og næringsparken på Klosterøya er gode døme på det, seier Sanner.

På Klosterøya skal han treffe aktørar frå næringsapparatet og gründerbedrifter som har skapt nytt liv i lokala etter Union-fabrikkar.

Ombord på M/S Henrik Ibsen skal statsråden vere med på tyngdemålingar av Telemarkskanalen. Det er Kartverket som måler kor mykje mye vi blir dratt ned mot sentrum av jorda. Det er første gong dette finn stad i ein kanal i Noreg.

Poenget med tyngdemålingane i Telemarkskanalen er å få meir nøyaktige GPS- og posisjonstenester i området. Måling av tyngdedata er også naudsynt for bygging av veg, bruer og bygningar og i samband med forsking på klima og geofysikk.

På kanalferden skal statsråden også bli orientert om Telemarkskanalen regionalpark og om sluseanlegga på veg mot Vrangfoss.

Program for statsråden:

Kl. 09.45-11.15 – statsråden vitjar Klosterøya Næringspark i Skien

Kl. 12.40-14.05 – Køyrer med M/S Henrik Ibsen frå Kjeldal til Vrangfoss

Kl. 18.00-19.30 – Deltek i møte om kommunereform, Bryggeparken hotell, Skien

 

Pressekontakt:
Kommunikasjonssjef Kjersti Bjørgo, 971 64 835