Avgjørelse i innsigelsessak, 15.8.2000

Bergen og Os – Trasé for E39, Parsell Svegatjørn – Rådal

BERGEN OG OS KOMMUNAR – MOTSEGN TIL KOMMUNEDELPLAN FOR E39, PARSELL SVEGATJØRN – RÅDAL.

Vi viser til fylkesmannen sin ekspedisjon hit av 10.juni 1999.

Saka er i samsvar med plan- og bygningslova §20-5, femte ledd sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd fordi fylkesmannen v/ miljøvernavdelinga, Statens vegvesen Hordaland og Fylkeslandbruksstyret har motsegner til planen.

Departementet godkjenner alternativ E 4 med viadukt over Hamre som grunnlag for detaljplanlegginga. Departementet meiner at omsynet til miljø, landbruk, landskap og friluftsliv må vege tyngst i valet mellom dei to alternativa C og E, og at forskjellen i tunnellengda mellom alternativa ikkje kan vera avgjerande for saka. Departementet legg og vekt på at kommunane Os og Bergen og fylkeskommunen har gått inn for alternativ E 4. Ein må i detaljplanlegginga prioritere tryggleiken høgt, og vidare tilpassing av vegen til naturmiljø og landskap.

Bakgrunn for saka

Vegparsellen er ein del av stamvegnettet langs kysten mellom Stavanger og Ålesund, jf. Stortinget sitt vedtak om kyststamvegen i juni 1995. Parsellen har dessutan ein viktig regional funksjon som hovudveg mellom Os og Bergen. Vegen vil også vera ei viktig avlasting av eksisterande bustadområde i Os kommune. Vegen er planlagd med høg standard, med tofeltsveg med dimensjonerande fart på 90 km/t. Det pågår arbeid med ein fylkesdelplan for strekninga Stord-Halhjem.

Bergen kommune vedtok 22.februar 1999 følgjande i bystyret (53 mot 32 røyster):

  1. Under forutsetning av det ikke reises innsigelse mot en trase etter "variant 4" forbi Titlestad, vedtar Bystyret at alt. C/E med variant 4 velges som trase for ny E39 mellom Rådal og Søfteland.

Det forutsettes at spørsmålet om forurensing ved tunnelmunningene ivaretas i reguleringsprosessen.

  1. Det er av svært stor betydning at denne del av Kyststamvegen mellom Os og Bergen finner sin avklaring snarest og at denne kan realiseres tidligst mulig i kommende stamveiperiode.

I alternativ C/E, variant 4, må tunnellengder og tekniske løsninger bli slik at det ikke kreves doble tunnelløp eller urealistisk høye kostnader som hindrer snarlig realisering."

Os kommune ved kommunestyret vedtok 16.02.1999 følgjande (32 mot 3 røyster):

"Pkt.1 -Os kommunestyre ser ikkje på alternativ D som et aktuelt alternativ

Pkt. 2 -Os kommunestyre går inn for at alternativ E vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med ny stamveg mellom Svegatjørn i Os og Rådalen i Bergen.

Pkt. 3 - Statens vegvesen må strekkja seg langt i det vidare planarbeidet, slik at inngrepa og ulempene for miljøet langs vegen blir minst mogleg."

Bergen kommune har vedteke alternativ 4 over Titlestad / Hamre. Os kommune har vedteke alternativ E. I sum har Os kommune og Bergen kommune vedteke kommunedelplan for bygging av ny stamveg etter alternativ E med variant 4.

Fylkesutvalet vedtok følgjande fråsegn på møte 25.6.98:

  1. Fylkesutvalet vil peike på behovet for snarleg utbygging av kyststamvegen Os-Bergen til

tilfredstillande standard.

  1. Fylkesutvalet kan ikkje sjå at det er ønskjeleg eller økonomisk forsvarleg å leggje heile vegen i tunnel for å kunne få ein konfliktfri tracè i høve til miljøomsyn. Fylkesutvalet vil likevel peike på at det er trong for å redusere inngrep i nærmiljøa på Hamre og Titlestad mest mogleg.
  2. Ut i frå desse premissane kan fylkesutvalet slutte seg til tracèalternativ E-4 frå Endelausmarka og med viadukt og kort tracè i i dagen på Hamre (variant 4).

Hordaland fylkeskommune si fråsegn til oversendingssaka ligg føre i brev til fylkesmannen datert 18.mai 1999. Konklusjon lyder slik:

"Ut i frå vektlegginga av kyststamvegen og vurderinga av dei ulike interessene i saka, har fylkeskommunen tilrådd alt. E, med viadukt over Hamre og variant 4 over Titlestad. Nærare avklaring av kritiske lengder for to-feltstunnell, og spørsmål knytt til trafikktryggleik, vil kunne gje nye opplysningar som kan gje grunnlag for ny handsaming."

Fylkeskommunen tek også opp spørsmålet om kritiske lengder for to-felts tunnel og trygging av trafikken i lange tunnelar.

Fylkesmannen si motsegn vart fremja i brev til Statens vegvesen 26.05.1998. Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga har fremja motsegn mot alternativ E på bakgrunn av omsynet til Oselv-vassdraget. Fylkesmannen meiner ein bør vurdera å leggja vegen i samanhengande tunnel frå innslag ved Skogafjellet fram til Søftelandsområdet, og at ein bør sjå på om ein kan nytte deler av eksisterande veg som trase i dagen for å lufte tunnelen. Fylkesmannen saknar ei vurdering både av rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag og for samordna areal- og transportplanlegging i planmaterialet. Ein bør sjå nærare på om ein kan redusere vegstandarden i område med verdifull natur. Fylkesmannen meiner ein også treng ei vurdering av tryggleiken i lange tunnelar frå overordna vegstyresmakter.

Statens vegvesen v/ Hordaland vegkontor har lagt fram motsegn i brev til Os kommune datert 1998.12.09. Statens vegvesen si vurdering er mellom anna grunngjeve med at for funksjonaliteten i framtidig vegnett er det svært viktig at ny veg blir knytt opp til eksisterande veg ved Søfteland. Prosjektet må ivareta ein best mogleg kombinasjon av omsyn til stamvegfunksjon og regional funksjon. Dessutan er det viktig å få ei størst mogleg avlasting av eksisterande veg som har ei omfattande randbusetnad.

"Statens vegvesen anbefaler alternativ C med variant 1 over Titlestad vedtatt, og fremmer innsigelse mot alteranivene E, F og G samt variantene 2, 3 og 4 over Titlestad. Statens vegvesen mener at alternativ D er klart dårligere enn alterantiv C1 både ut i fra prissatte og ikke-prissatte konsekvenser, og fraråder at dette alternativet blir vedtatt."

Grunnlaget for vurderingane til Statens vegvesen er oppsummert i fem punkt i brevet.

Fylkeslandbruksstyret handsama saka i møte 14.05.1998. Etter dette ligg det føre slik uttale med motsegn:

"Fylkeslandbruksstyret syner til landbruksdirektøren si fråsegn og gjev fylgjande uttale:

  1. Fylkeslandbruksstyret meiner dei dokumenta som er sendt ut til offentleg høyring ikkje tilfredsstiller kvalitative krav til saksutgreiing sett i høve til landbruksinteressene.
  2. Fylkeslandbruksstyret finn det ikkje dokumentert at det ligg føre overvekt av moment som tilseier at landbruksinteressene langs Vindalsvatnet, på Søfteland og på Titlestad bør vika.
  3. Fylkeslandbruksstyret seier seg samd med prioritering av alterantiv gjort i landbruksdirektøren si utgreiing, og rår til at hovudalternativ E (evt G) med variant 4 (evt 2) over Titlestad vert vald.
  4. Fylkeslandbruksstyret meiner alternativ C1 får uakseptable negative konsekvenser for landbruket. Dette punkt er å rekna som motsegn til planen."

Meklingi vart halde den 26.04.1999, men førte ikkje til løysing av saka

Fylkesmannen si tilråding i saka går fram av oversendingsbrevet datert 10. juni 1999. Fylkesmannen har ikkje tilrådd eit bestemt alternativ, men gjev følgjande samla vurdering av saka:

"Saka er kompleks og er prega av motstridande interesser der landbruks-, miljøvern- og vegmyndigheitene er dei sentrale aktørane. Vidare har saka skapt stort engasjement blant bebuarane på Søfteland (Os kommune) og i Titlestad/Hamre-området (Bergen kommune). Det politiske fleirtalet i dei to kommunane er opptekne av å få ei snarast mogleg realisering av dette viktige regionale vegprosjektet i samsvar med St. Meld. 37 om Norsk veg- og trafikkplan 1998-2007.

Eit viktig moment som ikkje har vore gjennomdrøfta tidlegare i planprosessen, er spørsmålet om tryggleiken ved lange tunnelar, og moglege framtidige krav til utforming av tunnelane frå overordna vegstyresmakter. Det vil såleis vera tilrådeleg å innhenta Samferdselsdepartementet sitt syn på denne sida av saka.

Fylkesmannen visar elles til dei fråsegnene som er framsette i saka, frå Fylkeslandbruksstyret, Statens vegvesen og fylkesmannen. Fylkesmannen held fast ved dei konklusjonane som er trekte i fylkesmannen sitt motsegnsbrev av 26.05.1998. Fylkesmannen vil likevel, som fylkesmannen også har gjort, påpeika at i en sak som denne er det ikkje mogleg å finna ein konfliktfri trasè. Det vil såleis vera nødvendig å treffa ei avgjerd som i eit samfunnsmessig perspektiv inneber at ikkje alle sektorinteressene kan få fullt gjennomslag for sitt syn. Tungtvegande regionale og lokale omsyn talar for at prosjektet bør få ei snarleg realisering.

Fylkesmannen har tillit til at departementet kan treffe ei avgjerd som i størst mogleg grad tek omsyn til dei ulike interessene i saka."

Det var synfaring og lokalt møte i saka den 6.oktober 1999.

Miljøverndepartementet har henta inn desse fråsegnene:

Samferdselsdepartementet har slik konklusjon i sitt brev datert 14.12.1999:

"Basert på det ovennevnte vil Samferdselsdepartementet tilrå at hovedalternativ C med variant 4 over Titlestad legges til grunn for videre planlegging for parsellen Ev 39 Svegatjørn – Rådal. Samferdselsdepartementet støtter med dette innsigelsen fra Statens vegvesen Hordaland når det gjelder valg av løsning i Os kommune, og tilrår at hovedalternativ C velges som løsning. Samferdselsdepartementet opphever med dette innsigelsen fra Statens vegvesen når det gjelder valg av løsning i Bergen kommune, og tilrår at variant 4 velges over Titlestad".

Fordi Vegdirektøren tidlegare har sagt seg inhabil i saka, har Samferdselsdepartementet fått si fråsegn frå Statens vegvesen Hordaland og ikkje frå Vegdirektoratet, som er vanleg i motsegnssaker. Samferdselsdepartementet har også teke opp spørsmålet om tryggleiken i lange tunnelar, og viser til at eksisterande tunnelnormal er under revidering.

I Samferdselsdepartementet sitt brev datert 14.08.00 er det konkludert med følgjande:

"Når det gjelder valg av trase gjennom Os kommune er Samferdselsdepartementet enig med Statens vegvesen i at det utfra samfunnsøkonomisk lønnsomhet, realiseringstidspunkt, vegens funksjon og tekniske løsninger er ønskelig at alternativ C velges.

Allikevel har Samferdselsdepartementet valgt å legge avgjørende vekt på at berørte kommuner og fylkeskommunen går inn for alternativ E. Departementet går derfor inn for at alternativ E 4 legges til grunn for den videre planleggingen."

Landbruksdepartementet har denne konklusjonen i sitt brev datert 10.12.1999:

"Landbruksdepartementet stiller seg bak alle momentene fra fylkeslandbruksstyrets uttalelse i denne saken. Dersom både alternativ C forbi Søfteland, og alternativ 1 over Titlestad blir valgt vil dette få store negative konsekvenser for landbruket i regionen. Dersom ikke utredningene fra Samferdselsdepartementet viser at tunnelløsningene som kommunene har gått inn for medfører en utilrådelig reduksjon av sikkerheten for vegtrafikken, vil Landbruksdepartementet sterkt fraråde alternativ C forbi Søfteland og alternativ 1 og 3 forbi Titlestad. Vi mener det uansett må ligge til rette for løsninger som medfører mindre konflikter i forhold til miljø og landbruk enn Vegsjefens anbefalte alternativ. Dersom man må velge en dagløsning over Titlestad vil Landbruksdepartementet anbefale at man velger alternativ 2 som trase for den nye E39."

Direktoratet for naturforvaltning har i sitt brev datert 15.11.1999 denne konklusjonen:

"Direktoratet vil på det sterkeste anbefale at man ikke tar innsigelsen fra Statens Vegvesen til følge, og ikke velger en løsning med veg i dagen mellom Hamre og Titlestad. Dette vil hindre negative virkninger for kulturlandskapet og friluftslivet i området. I området ved Hamre anser direktoratet en løsning med kryssing av Hamre i viadukt, som totalt sett beste løsningen selv om det vil få virkninger for fugleslivet i området og for landskapsbildet. For området Osvassdraget og Endelausmarka vil direktoratet anbefale at innsigelsen fra fylkesmannen tas til følge, og at man heller vurderer om veien kan legges i tunnel fra innslaget ved Skogafjellet. En slik løsning vil være den mest skånsommer både for det vernede vassdraget, landskapet og friluftslivet i området. I stedet for kryssing av Osvssdraget i dagen vil direktoratet anbefale at man vurderer hvorvidt veien kan komme fram i dagen ved kryssing av Langedalen fordi det der finnes inngrep fra før i form av vei og bebyggelse. Direktoratets samlede konklusjon, er at man ser nærmere på mulighetene for justering av alternativ E variant 4. Ved en slik løsning vil miljøproblemene ved veien bli vesentlig redusert."

Miljøverndepartementet har desse merknadene:

Kyststamvegen sin deltrasè mellom Os og Bergen har ei lang forhistorie. Mange ulike forslag har vore lagt fram og nye vert lansert, for eksempel ein indre trasè for kyststamvegen. Miljøverndepartementet si avgjerd i saka byggjer på Stortinget sitt vedtak frå 1995 om kyststamvegen der trasèen mellom Os og Bergen i store trekk vart fastlagd. Alle instansane som har gitt fråsegn i saka peikar på at det ikkje er mogleg å finn ein konfliktfri trasè, men at det likevel er viktig å få ei avgjerd i saka som gjer at ny veg kan realiserast snarast råd.

Utgreiingsarbeidet for E39 mellom Os og Bergen har vore omfattande. Likevel har ein i grunnlagsmaterialet i saka få vurderingar som omhandlar overordna og regionale perspektiv; til dømes ei vurdering av samordna areal- og transportutvikling i dei to kommunane og i regionen. Strekninga frå Bergen sentrum til Rådal er svært belasta, og den nye trasèen mellom Rådal og Svegatjørn vil føre til ei ytterlegare belastning. Verken påkoblinga mellom desse trasèane eller konsekvenser for utbyggingsmønster er omtalt. Fylkesmannen tek opp slike spørsmål i sine fråsegn, men det hadde vore positivt om dei to kommunane og vegkontoret hadde lagt fram eigne vurderingar. Effekten på kollektivtransporten er heller ikkje utdjupande omtalt i planframlegget.

Vegparsellen skal dekke mange funksjonar. Nasjonalt som ein del av Kyststamvegen, regionalt som ein del av Bergensregionen og lokalt for kontakten mellom nabokommunane Os og Bergen. Den godkjente kommuneplanen vil vere grunnlaget for utarbeiding av reguleringsplan. I reguleringsplanen vil ein kome fram til endeleg trasè og utforming.

Miljøverndepartementet viser til innhaldet i rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag og at vern av Osvassdraget har nasjonal interesse. I desse retningslinene står det at ein særleg må leggje vekt på å unngå inngrep som reduserer verdien for landskapsbilete, naturvern, friluftsliv, vilt, fiske, kulturminne og naturmiljø (pkt 3.a), og at ein må leggje vekt på å sikre og utvikle friluftsverdien, særleg i område nær befolkningskonsentrasjonar (pkt 3c).

St meld 29 (1996-97) Regional planlegging og arealpolitikk gir føringar på at det skal leggjast større vekt på jordvernet i arealpolitikken. Samferdselsdepartementet har godkjent variant 4 med lang tunnel frå Hamre til Rådal. Alle instansar som har gitt fråsegn i saka har gått inn for denne varianten med unnatak av vegvesenet.

Departementet vil også vise til styrkinga av jordvernet i St.meld.nr.19 (1999-2000) om norsk landbruk og matproduksjon, jf. Innst.S.nr.167 (1999-2000) og Stortingets behandling 09.05.00.

Alternativ C over Søfteland vil i følgje landbruksstyresmaktene ha negative konsekvensar regionalt for landbruket og kulturlandskapet. Landbruksdepartementet peikar på at det ikkje er noko skilnad på dei prissette konsekvensane mellom alternativa C og E over Søfteland. Landbruksdepartementet meiner at det er grunn til å stille spørsmål om behovet for å kople E39 til Søftelandsbygda er så stort at dette bør prioriterast føre miljø- og landbruksinteressene ved Vindalsvatnet.

Miljøverndepartementet meiner at omsynet til miljø, landbruk, landskap og friluftsliv må vege tyngst i valet mellom dei to alternativa C og E, og at forskjellen i tunnellengda mellom alternativ C (ca.5 km) og E (ca.6 km) ikkje er så kritisk at dette kan vera avgjerande for saka. Ein må sjå på ulike løysingar for å få maksimal trafikktryggleik, til dømes gjennom utforming av tunnelrommet, bruk av tverrslag, rømmingsveger eller lågare fart. Samferdselsdepartementet peiker på at tunnelnormalane no er til vurdering. Slik normalane er i dag, vil vegen bli bygd med eit løp. Dette spørsmålet må ein ta opp til ny vurdering når nytt regelverk er på plass.

I detaljplanlegginga er det viktig å ta omsyn til naturmiljø og til landskap. Det er ikkje utarbeida noko alternativ til viadukt over Hamre. Ein viadukt her vil kunne få verknad for fuglelivet og for landskapsbiletet, men vil likevel vera den totalt sett den beste løysinga i dette området. Forutan Hamre, er området ved sydenden av Vindalsvatnet ved Kvernatjørn særleg sårbart for inngrep. Trasèen her må utarbeidast i samråd med miljøvernstyresmaktene. Ein må unngå løysingar som til dømes store fyllingar.

Etter ei samla vurdering godkjenner departementet alternativ E 4 med viadukt over Hamre som grunnlag for detaljplanlegginga. Departementet meiner at omsynet til dei ikkje prissette konsekvensanene må vege tyngst i valet mellom dei to alternativa C og E. Departementet legg og vekt på at dei to kommunane og fylkeskommunen har gått inn for alternativ E 4. Ein må i detaljplanlegginga prioritera tryggleiken høgt, og vidare leggje vekt på tilpassing av vegen til naturmiljø og landskap.

Vedtak

I medhald av § 20-5, femte ledd i plan- og bygningslova av 14.juni 1985 godkjenner departementet Os kommune sitt vedtak i møte 16.02.1999 og Bergen kommune sitt vedtak i møte 22.02.1999. Alternativ E variant 4 legges til grunn for detaljplanlegginga.

Alternativ E Variant 4 er vist på kartet side 11 i "Kommunedelplan tilleggsrapport E 39 Svegatjørn – Rådal" datert februar 1998. Dette plankartet er vedlagt med departementets påteikning om godkjenninga.

Departementet finn etter det opplyste at kommunedelplanen er behandla i samsvar med føresegnene i plan- og bygningslova, og at saksbehandlinga ikkje gir grunn for merknader. Om kunngjering av kommunedelplanen viser vi til reglane i plan- og bygningslova §20-5. åttande ledd.

Kommunane er gjort kjent med avgjerda ved kopi av dette brev.

Sist oppdatert: 07.02.2007
Ill