Kommuneplan for Nesset 2012 - 2020 – avgjerd i motsegnssak

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner planlagt område for alpinanlegg i Eikesdalen med unntak av områda for toppheisar. Departementet har lagt avgjerande vekt på kommunen sitt ønskje om å legge til rette for næringsutvikling i eit område med nedgang i folketalet, og at dei lågastliggande delane av alpinanlegget i liten grad er nytta av villreinen. Med dagens kunnskapsgrunnlag er dei planlagde toppheisane teke ut av planen fordi dei kan føre til auka ferdsel inn i viktige villreinområde sør for alpinanlegget.

 

Departementet godkjenner ervervsområde E9 Aurstupet. Departementet legg til grunn at bruken av området må skje ut frå omsynet til villrein og landskap. Dette må avklarast ved utarbeiding av reguleringsplan for området.

Departementet godkjenner ikkje den planlagde sykkelstien aust for Aursjøen. Stien ligg innanfor Torbuhalsen biotopvernområde og skal handsamast etter verneforskrifta for området.

Departementet godkjenner bustadområde B13.1 Langset. Departementet legg vekt på kommunen sitt ønskje om å legge til rette for bustadbygging i området, og at dette ikkje kjem i konflikt med naturmangfald eller kulturlandskap av nasjonal eller regional verdi. Departementet meiner ålmenta sine ferdselsmogelegheiter i strandsona kan ivaretakast ved at det vert avsett areal til ein sti langs sjøen. Før området kan byggjast ut må det avklarast om dette er forsvarleg i høve til flom- og skredfare.

Departementet godkjenner område for akvakulturanlegg i Fressvika. Departementet meiner det er positivt at eit eksisterande oppdrettsanlegg vert vist på kommuneplankartet.

 

Vi viser til fylkesmannen sitt brev av 7. november 2012. Saka er oversendt departementet for avgjerd etter plan- og bygningslova av 1985 § 20-5. Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Sunndal kommune har motsegn til 5 område i planen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner planlagt område for alpinanlegg i Eikesdalen med unntak av områda for toppheisar. Departementet har lagt avgjerande vekt på kommunen sitt ønskje om å legge til rette for næringsutvikling i eit område med nedgang i folketalet, og at dei lågastliggande delane av alpinanlegget i liten grad er nytta av villreinen. Med dagens kunnskapsgrunnlag er dei planlagde toppheisane teke ut av planen fordi dei kan føre til auka ferdsel inn i viktige villreinområde sør for alpinanlegget.

Departementet godkjenner ervervsområde E9 Aurstupet. Departementet legg til grunn at bruken av området må skje ut frå omsynet til villrein og landskap. Dette må avklarast ved utarbeiding av reguleringsplan for området.

Departementet godkjenner ikkje den planlagde sykkelstien aust for Aursjøen. Stien ligg innanfor Torbuhalsen biotopvernområde og skal handsamast etter verneforskrifta for området.

Departementet godkjenner bustadområde B13.1 Langset. Departementet legg vekt på kommunen sitt ønskje om å legge til rette for bustadbygging i området, og at dette ikkje kjem i konflikt med naturmangfald eller kulturlandskap av nasjonal eller regional verdi. Departementet meiner ålmenta sine ferdselsmogelegheiter i strandsona kan ivaretakast ved at det vert avsett areal til ein sti langs sjøen. Før området kan byggjast ut må det avklarast om dette er forsvarleg i høve til flom- og skredfare.

Departementet godkjenner område for akvakulturanlegg i Fressvika. Departementet meiner det er positivt at eit eksisterande oppdrettsanlegg vert vist på kommuneplankartet.

Bakgrunn

Nesset kommune har 3000 innbyggjarar fordelt på 11 bygder og opplever nedgang i folketalet og i talet på arbeidsplassar. Store delar av kommunen sitt areal er utmarks- og fjellområde. Nær halvparten av arealet er verna etter naturmangfaldlova.

Kommuneplan for Nesset 2012-2020 blei vedteken av kommunestyret 29. mars 2012 og omfattar ein samfunnsdel og ein arealdel. Hovudmålet for planperioden er å snu nedgangen i folketalet og legge til rette for vekst ved å framstå som ein attraktiv bustad- og arbeidskommune. Arealdelen viser korleis kommunen vil disponere sine samla arealressursar i planperioden, og sikrar mellom anna areal til nye bustader, fritidsbustader og næringsverksemd.

Sunndal kommune har motsegn til eit eksisterande oppdrettsanlegg i Fressvika i Sunndalsfjorden, jf brev av 09.03.2012.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/miljøvernavdelinga og landbruksavdelinga har motsegn til eit område for alpinanlegg i Eikesdalen, eit område for erverv/næring i Eikesdalen, ein sykkelsti på austsida av Aursjøen og eit bustadområde i Eidsvåg, jf. brev av 21.02.2011.

Meklingsmøte blei halde hos fylkesmannen 06.01.2012. Partane blei ikkje samde om dei aktuelle områda.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal oversende saka til Miljøverndepartementet 07.11.2012.

Synfaring blei gjennomført 26.06.2013 med representantar frå Miljøverndepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Miljødirektoratet, Statens landbruksforvaltning, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Nesset kommune, Sunndal kommune og Lesja kommune. Grunneigarar og utbyggjarar deltok og.

Fiskeri- og kystdepartementet har uttalt seg til saka i brev av 12.08.2013.

Landbruks- og matdepartementet har uttalt seg til saka i brev av 19.11.2013.

Klima- og miljødepartementet har uttalt seg til saka i brev av 16.01.2014.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal vurdere om områda med motsegn kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser. Saka vert handsama etter plan- og bygningslova av 1985 fordi planen blei vedtatt lagt ut til offentleg ettersyn før 1. juli 2009. Etter § 20-5 avgjer departementet om motsegnene skal takast til følgje eller ikkje. Departementet kan i den samanheng gjere endringar i planen. Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som angår naturmangfald.

I det vidare følgjer departementet si vurdering av dei einskilde områda med motsegn:

 

1.      Alpinanlegg i Eikesdalen

På sørsida av Eikesdalen er det avsett eit stort område for alpinanlegg. Store delar av arealet ligg innanfor villreinen sitt leveområde slik det er avgrensa i Fylkesdelplan for Dovrefjellområdet. I sør og vest grensar alpinområdet mot Dalsida landskapsvernområde.

Det er krav om reguleringsplan før utbygging, men elles ikkje knytt føresegner til bruken av arealet.

Nesset kommune viser til den negative utviklinga av folketalet i Eikesdalen, og meiner alpinanlegget er nødvendig for å skape aktivitet og nye arbeidsplassar.

Fylkesmannen v/miljøvernavdelinga viser til uttaler frå Møre og Romsdal einheitsfylke av 19.05.2006 og 07.09.2009, og meiner alpinanlegget kjem i konflikt med villreininteressene i området. Fylkesmannen meiner forslaget om å regulerferdsel frå toppen av heisane og inn i villreinområdet gjennom ei heiskortavtale, ikkje har heimel i plan- og bygningslova og vil vere vanskeleg å handheve.

meklingsmøte hos fylkesmannen 06.01.2012 blei spørsmålet om alpinanlegg i Eikesdalen ikkje diskutert. Årsaka er at fylkesmannen etter møte med kommunen 28.04.2010 konkluderte med at saka ikkje kan løysast på regionalt nivå.

Fylkesmannen tilrår ved oversending av saka til departementet at motsegna vert teke til følgje. Fylkesmannen viser til føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova §9 og det internasjonale ansvaret Noreg har for villreinen. Fylkesmannen meiner alpinanlegget vil skape grunnlag for ferdsel innover i fjellet og at dette truleg vil forstyrre den svært sky villreinsbestanden i området.

Klima- og miljødepartementet viser til føreliggjande kunnskap om villreinen sin bruk av området og effektane av ferdsel, og meiner alpinanlegget kan godkjennast med unntak av områda for toppheisar. Departementet meiner føresetnadene for godkjenning av alpinanlegget må vere at det ikkje på andre måtar vert lagt til rette for ferdsel inn i villreinen sitt leveområde. Ved vidare utvikling i Eikesdalen må det takast omsyn til 1) auka trafikk og turgåing ut frå Aursjøvegen som kan hindre trekket nedanfor Aursjødammen og over Torbuhalsen, 2) regulere aktivitetar som grip langt innover høgfjellet som for eksempel kiting, riding, terrengsykling, hundespann og 3) unngå vidare utvikling av forbindelseslinjer Bjorli-Eikesdalen vinterstid. Eventuelle fritidsbustader knytt til alpinanlegget må konsekvensutgreiast med omsyn til landskap og verknader for villreinen.

Nesset kommune har i epost av 17.09.2013 bedt departementet fastsette den sørlege grensa for alpinanlegget og ikkje overlate dette til ein framtidig reguleringsplanprosess. Kommunen meiner det ligg føre eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag til å godkjenne alpinanlegget utan toppheisar og med ei heiskortavtale som forbyr ferdsel inn i fjellet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Noreg er det einaste landet med vill fjellrein og det er ei nasjonal målsetting å sikre villreinen sine leveområde, jf. St.meld. nr. 21 (2004-2005) og St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Det er og eit nasjonalt mål at fjellområda vert forvalta som landskap der kultur- og naturressursane, næringsmessig utnytting og friluftsliv vert sikra og gjensidig utfyller kvarandre.

Det planlagde alpinanlegget grensar mot Dalsida landskapsvernområde som mellom anna er oppretta for å ta vare på leveområdet til villreinen i Snøhettaområdet. Alpinanlegget ligg og innanfor Fylkesdelplan for Dovrefjellområdet som blei vedtatt av fylkestinga i Møre og Romsdal, Oppland, Hedmark og Sør-Trøndelag i 2007, og som har som overordna mål å sikre ein berekraftig og langsiktig areal- og ressursforvaltning i planområdet. I fylkesdelplanen er Eikesdalen vist som eit LNF-område der det bør utarbeidast kommunedelplan for å avklare hovudrammene i arealbruken. Store delar av området for alpinanlegg ligg og innanfor det som er definert som villreinen sitt leveområde i fylkesdelplanen. Det framgår av pkt 4.4.7 i retningslinene til fylkesdelplanen at tilrettelegging for reiseliv bør skje i og nær tettstadene, og at det skal vurderast korleis utbygging kan påverke ferdselen inn i villreinområdet.

Departementet finn etter ei samla vurdering å kunne godkjenne det planlagde alpinanlegget i Eikesdalen med unntak av toppheisane. Med dagens kunnskapsgrunnlag kan det ikkje opnast for toppheisane. Departementet legg vekt på kommunen sitt ønskje om å legge til rette for næringsverksemd i dalen og at dei lågastliggande delane av alpinanlegget i liten grad er nytta av villreinen. Ved å take dei planlagde toppheisane ut av planen, vil anlegget i mindre grad legge grunnlag for auka ferdsel inn i dei viktige villreinområda sør for alpinanlegget. Departementet meiner dette er viktig for å unngå auka press på villreinstamma i området. Ny avgrensning av område for alpinanlegg er vist på kart vedlagt dette brevet.

Departementet legg til grunn at kommunen tek omsyn til føringane frå Klima- og miljødepartementet ved vidare planlegging og utvikling i Eikesdalen. Ved utarbeiding av reguleringsplan for alpinanlegget må det ikkje leggast til rette for ferdsel innover i fjellet til dømes ved nye skiløyper. Departementet føreset óg at kommunen legg vekt på å tilpasse heistrasear og nedfartar til landskapet på ein best mogeleg måte.

Motsegna frå fylkesmannen er etter dette delvis teke til følgje.

 

2.      Ervervsområde E9 Aurstupet i Eikesdal

Innanfor det planlagde alpinanleggområdet er det avsett eit område for erversverksemd. Området ligg på nordsida av Aursjøvegen og på kanten av Aurstupet. Det er krav om reguleringsplan før utbygging, men ikkje gjeve føresetnader om kva verksemd som kan etablerast i området. Affärsplan Eikesdal Alpin 2005-03-13 omtalar hotell som eitt alternativ. Under synfaringa påpeika utbyggjar at det óg kan vere aktuelt med mindre tilretteleggingstiltak knytt til utsiktspunktet.

Fylkesmannen v/miljøvernavdelinga viser til at argumenta mot ervervsområdet er dei same som for alpinanlegget. I tillegg til konflikt med villreininteresser er det lagt vekt på mogelege landskapsverknader knytt til ei reiselivsutvikling i området.

Fylkesmannen tilrår ved oversending av saka til departementet at motsegna vert teke til følgje.

Klima- og miljødepartementet støttar tilrådinga frå Miljødirektoratet og tilrår at motsegna ikkje vert teke til følgje. Miljødirektoratet påpeiker i sin uttale til saka at eventuelle bygg innanfor ervervsområdet ikkje vil få direkte negative konsekvensar for villreinen da området ligg så langt nede i lia at det er lite brukt av villreinen. Aktivitetane som vil følgje av ei utbygging kan derimot kome i meir direkte konflikt med villreinen. Når det gjeld landskapsverknader påpeikar direktoratet at ervervsområdet ligg i ope fjellandskap på kanten av Aurstupet og at sjølv ei mindre utbygging kan bli dominerande i landskapet.

Miljødirektoratet tilrår at meir detaljerte konsekvensar for landskap og villrein bør utgreiast når det vert laga reguleringsplan for ervervsområdet. Konsekvensar av auka trafikk over Aursjøvegen bør inngå i dette arbeidet. Det bør vere ein føresetnad for vidare planarbeid at tiltaka ikkje fører til ei trafikkauke som får negative konsekvensar for villreintrekket ved Aursjødammen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Det aktuelle ervervsområdet ligg innanfor det planlagde alpinanleggområdet og på kanten av Aurstupet. Det er fin utsikt utover Eikesdalen. Byggeområdet ligg vidare i villreinen sitt leveområde slik det er definert i fylkesdelplan for Dovrefjellområdet og føringane i fylkesdelplanen er dei same som for alpinanleggområdet. Dette inneber mellom anna at reiselivsbedriftar bør etablerast i og nær tettstadene.

Etter departementet si vurdering er det vanskeleg å vurdere konsekvensane for villrein og landskap når det ikkje ligg føre konkrete planar for utnytting av området. Departementet ser at eit større reiselivsanlegg med overnatting kan medføre auka ferdsel som er uheldig for villreinen, men meiner serveringstiltak eller liknande knytt til utsiktspunktet, kan vere aktuelt.

Departementet finn etter ei samla vurdering å kunne godkjenne ervervsområde E9 og føreset at bruken av området vert avklara ved utarbeiding av reguleringsplan. Departementet legg til grunn at utnytting av området må skje ut frå omsynet ti¨l villrein og landskap. I høve til villreinen er omsynet til auka ferdsel på Aursjøvegen særleg viktig. Når det gjeld landskapsverknader er krav til storleik og utforming av eventuelle bygg viktig.

Fylkesmannen si motsegn er etter dette ikkje teke til følgje.

 

3.      Sykkelveg Torbuhalsen – Lesja grense

Kommuneplankartet viser ein turveg på austsida av Aursjøen mellom Torbuhalsen og kommunegrensa mot Lesja. Kommunen ønskjer å legge til rette for oppgradering av ein sti slik at det blir mogeleg å sykle frå Aursjøvegen i Nesset kommune til Dalsida i Lesja kommune. Kommunen legg vekt på at sykkelstien er eit samarbeidstiltak mellom fleire kommunar og viser til prosjektet ”Dovrefjell rundt på sykkel” i Fylkesdelplan for Dovrefjellområdet.

Fylkesmannen v/miljøvernavdelinga meiner auka sykkeltrafikk og eventuell parkering ved Torbuhalsen vil vere negativt for villreininteressene i området. Det vert påpeika at det er eit langsiktig mål å få villreinen til å ta opp att trekket mellom Snøhetta aust og vest over Torbuhalsen slik at beitegrunnlaget og levevilkåra for Snøhettareinen vert styrka. Etter miljøvernavdelinga si vurdering vil den planlagde sykkelvegen motverke denne målsettinga. Miljøvernavdelinga viser óg til Forvaltningsplan for verneområda på Dovrefjell der området er avsett som sone utan tilrettelegging og inngrep.

Fylkesmannen tilrår ved oversending av saka til departementet at motsegna vert teke til følgje. Fylkesmannen legg vekt på at Torbuhalsen er det viktigaste området for utveksling av rein mellom Snøhetta aust og vest. Mangelfull kunnskap om verknadene av ein sykkelveg tilseier etter fylkesmannen si vurdering at føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova § 9 må tilleggast vesentleg vekt og at ein bør unngå tiltak i området.

Klima- og miljødepartementet meiner motsegna må takast til følgje fordi traséen går gjennom eit biotopvernområde. Tiltaket må handsamast som dispensasjonssak etter verneforskrifta for biotopvernområdet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Under synfaringa blei det diskusjon om traséen for den planlagde sykkelstien. Plankartet viser at sykkelstien startar ved Torbuhalsen, men kommunen meinte at det óg kan vere aktuelt å la traséen gå nærare Aursjøen og ikkje oppe på Torbuhalsen.

Den planlagde sykkelstien ligg innanfor Torbudalen biotopvernområde og skal i følgje verneforskrifta for dette området handsamast av Dovrefjell nasjonalparkstyre som er forvaltningsmyndigheit for verneområdet. Handsaming etter verneforskrifta skal i følgje naturmangfaldlova § 48 tredje ledd skje før handsaming etter anna lovverk.

Departementet finn etter dette at det ikkje er formelt grunnlag for å vise sykkelstien mellom Torbuhalsen og grensa til Lesja kommune i kommuneplanen. Departementet har i møte med kommunen 19.08.2013 gitt beskjed om at saka må handsamast av Dovrefjell nasjonalparkstyre. Sykkelstien må etter dette takast ut av plankartet. Dersom sykkelstien vert godkjent etter verneforskrifta, kan han leggast inn i kommuneplankartet ved neste revisjon.

Fylkesmannen si motsegn er etter dette teke til følgje.

 

4.      Nytt bustadområde B13.1 Langset

Kommuneplankartet viser eit nytt bustadområde ved sjøen, ca 700 m sør for Eidsvåg sentrum. Arealet omfattar 22 daa dyrka mark og det er planlagt ein tursti gjennom området.

Nesset kommune meiner området vil gje attraktive og sentrumsnære bustadtomter.

Fylkesmannen v/miljøvernavdeling grunngjev si motsegn med at området delvis ligg innanfor 100-metersbeltet langs sjøen, at delar av området er registrert som raste-, beite- og yngleområde for andefuglar og at Eidsvågleira og kulturlandskapet austover er viktige landskapselement i Eidsvåg. Det vert og vist til planane om tursti langs sjøen og badeplass vest for bustadområdet. Miljøvernavdelinga meiner arealet ikkje bør leggast ut til byggjeområde utan at behovet er synleggjort og konsekvensar i høve til pågåande arbeid med sentrumsplanen, er vurdert.

Fylkesmannen v/landbruksavdelinga har motsegn til området fordi det inneber nedbygging av 22 daa dyrka mark og ligg i eit samanhengande og tilnærma urørt landbruksområde. Landbruksavdelinga har godkjent omdisponering av dyrka mark på felta B14 og B15 i sentrum aust, og meiner ytterlegare omdisponering av dyrka mark ikkje kan godkjennast.

Fylkesmannen tilrår ved oversending av saka at motsegna vert teke til følgje.

Landbruks- og matdepartementet tilrår at motsegna ikkje vert teke til følgje. Departementet påpeikar at området har god og lettdreve fulldyrka jord og at behovet for nye bustadtomtar er relativt lite. Departementet har likevel forståing for at kommunen ønskjer å bygge ut området for å styrke sentrum, særleg på litt lenger sikt. Departementet meiner omsynet til det lokale sjølvstyret tilseier at kommunen får bygge ut området. Departementet ber kommunen legge føringar på at området får ein høg utnyttingsgrad og at utbygginga vert planlagt saman med dei andre sentrumsnære områda.

Klima- og miljødepartementet tilrår at motsegna ikkje vert teke til følgje. Departementet viser til at området har låg folketettheit, fråflytting og lite press på strandsona. Det bør i dette tilfellet vere ein låg terskel for å fråvike byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Departementet skal vurdere om det planlagde bustadområdet kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale omsyn knytt til landbruk, 100-metersbeltet langs sjøen, naturmangfald, kulturlandskap og tettstadsutvikling.

Etter plan- og bygningslova § 1-8 skal det takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre ålmenne interesser i 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag. Det er i utgangspunktet byggjeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen, men annan byggjegrense kan fastsettast i arealdelen til kommuneplanen og i reguleringsplanar.

Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen blei vedtekne ved kgl.res. 25.03.2011 og skal leggast til grunn for kommunane si planlegging i strandsona. Retningslinene deler kysten inn i 3 soner med ulike føringar. Nesset kommune ligg i sone 3 der presset på strandsona er minst og der det skal vere enklare å tillate utbygging enn i område med stort press. Føresetnaden for utbygging er at dette ikkje er i strid med regionale eller nasjonale interesser knytt til naturmangfald, landskap og friluftsliv, jf. pkt 7.2 i retningslinene.

Utbygging av det aktuelle området vil gje sjønære bustader i gangavstand frå sentrum, men inneber óg nedbygging av dyrka mark og ei ny utviklingsretning for tettstaden. Det framkom under synfaringa at Eidsvåg sentrum og omkringliggande område ligg på kvikkleire. I samband med utarbeiding av reguleringsplan for sentrum blir det gjennomført grunnundersøkingar for å avklare faren for kvikkleireskred. Det aktuelle bustadområdet er ikkje omfatta av desse undersøkingane.

Etter ei samla vurdering finn departementet å kunne godkjenne bustadbygging på område B13.1 Departementet legg avgjerande vekt på kommunen sitt ønskje om legge til rette for bustadbygging i området, og meiner ålmenta sine ferdselsmogelegheiter i strandsona kan ivaretakast ved at det vert avsett areal til ein sti langs sjøen. Departementet legg vidare vekt på at det ikkje er framkome opplysningar om at utbygging i området kjem i konflikt med naturmangfald og kulturlandskap av nasjonal eller regional verdi.

Føresetnadene for at området kan byggast ut er at dette er forsvarleg i høve til flom- og skredfare. Kommunen kan ikkje godkjenne ein reguleringsplan for området før dette er avklart. Det er vidare ein føresetnad at området får ein høg utnyttingsgrad og at det vert avsett eit ubebygd område langs sjøen som kan ivareta ålmenta sine mogelegheiter for ferdsel og opphald i strandsona. Det må avklarast i reguleringsplanen for området kor langt byggjeområdet må trekkast tilbake frå sjøen. 

Motsegna frå fylkesmannen er etter dette ikkje teke til følgje.

 

5.      Oppdrettsanlegg i Fressvika i Sunndalsfjorden

Kommuneplankartet viser eit område for akvakultur i Fressvika i Sunndalsfjorden. Nesset kommune legg vekt på at dette er ei kartfesting av eksisterande arealbruk og at fylkeskommunen har hatt motsegn til planen fordi han ikkje tek tilstrekkeleg omsyn til akvakulturnæringa sitt arealbehov.

Sunndal kommune grunngjev si motsegn med at arealet ligg nær grensa for nasjonal laksefjord. Sunndal kommune er negativ til omfanget av akvakultur i Sunndalsfjorden og meiner kunnskapen om samla effektar for sjøørrett og laks er mangelfull. Kommunen ønskjer at grensa for nasjonal laksefjord vert flytta lenger ut i fjorden.

Fylkesmannen tilrår ved oversending av saka til departementet at motsegna ikkje vert teke til følgje. Fylkesmannen legg vekt på at akvakulturanlegget i Fressvika har vore godkjent i mange år. 

Fiskeri- og kystdepartementet tilrår at motsegna ikkje vert teke til følgje. Departementet meiner det er fornuftig å sikre samsvar mellom eksisterande godkjent oppdrettsverksemd og kommuneplanen sin arealdel.

Klima- og miljødepartementet tilrår at motsegna ikkje vert teke til følgje. Departementet meiner området kan avsettast til akvakultur i sjø i tråd med den faktiske situasjonen. Departementet viser til uttale frå Miljødirektoratet der det er framheva at arealet ligg utanfor grensa for nasjonal laksefjord i Sunndalsfjorden. Direktoratet meiner anlegget sitt bidrag til den totale lakselusproduksjonen i fjorden er lågt.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering

Oppdrettsanlegget i Fressvika ligg utanfor grensa for nasjonal laksefjord som er fastset av Stortinget. Anlegget er godkjent etter akvakulturlova og kan fortsette uavhengig av om det er vist på kommuneplankartet eller ikkje. Departementet meiner det er positivt at kommunen viser anlegget på plankartet slik at det blir samsvar mellom planen og arealbruken i området. Eit plankart som viser hovudtrekka i eksisterande arealbruk er eit viktig grunnlag når kommunen skal vurdere ny arealbruk ved revisjon av kommuneplanen sin arealdel, og handsame reguleringsplanar og byggjesøknader. Utviding eller endring av eksisterande oppdrettsverksemd vil krevje konsesjon etter akvakulturloven.

Spørsmålet om samla omfang av oppdrettsanlegg i Sunndalsfjorden og lokalisering av enkeltanlegg kan ikkje vurderast ved handsaming av kommuneplanen for éin kommune. Dette må eventuelt skje gjennom ein interkommunal plan for fjorden.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet finn etter ei samla vurdering å kunne godkjenne området for akvakultur i Fressvika. Departementet legg avgjerande vekt på at anlegget er eit eksisterande anlegg som ligg utanfor grensa for nasjonal laksefjord.

Motsegna frå Sunndal kommune er etter dette ikkje teke til følgje.

 

Vedtak

Med heimel i plan- og bygningslova 1985 § 20-5 godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet planlagt område for alpinanlegg i Eikesdalen med unntak av områda for toppheisar. Ny avgrensing av området for alpinanlegg er vist på vedlagte kart datert 30.01.2014. Ved utarbeiding av reguleringsplan for området må desse føringane leggast til grunn:

  • Det skal ikkje leggast til rette for ferdsel innover i fjellet til dømes ved nye skiløyper. Heistraséar og nedfartar skal tilpassast landskapet på ein god måte.

Departementet godkjenner ervervsområde E9 Aurstupet. Ved utarbeiding av reguleringsplan for området må desse føringane leggast til grunn:

  • Konsekvensar for villrein og landskap må utgreiast. Det må ikkje etablerast verksemd i området som kjem i konflikt med villreininteressene i omkringliggende område, medrekna villreintrekket ved Aursjødammen. Bygningar skal tilpassast landskapet på ein god måte.

Departementet godkjenner ikkje den planlagt sykkelstien aust for Aursjøen. Tiltaket må handsamast etter verneforskrift for Torbuhalsen biotopvernområde. Turvegen må takast ut av kommuneplankartet.

Departementet godkjenner bustadområde B13.1 Langset. Ved utarbeiding av reguleringsplan for området må desse føringane leggast til grunn:

  • Området kan ikkje byggjast ut før det er dokumentert at dette er forsvarleg i høve til flom- og skredfare.
  • Området skal ha høg tomteutnytting.
  • Det skal avsettast eit grøntbelte langs sjøen som kan ivareta ålmenta sine mogelegheiter for ferdsel og opphald i strandsona.

Departementet godkjenner område for akvakulturanlegg i Fressvika.

 

Nesset kommune er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

Departementet legg til grunn at kommunen rettar opp plankartet i tråd med dette vedtaket og legg føringane til grunn ved vidare planlegging av områda. For kunngjering gjeld plan- og bygningslova § 11-15.

 

Med helsing

 

Jan Tore Sanner

   

Kopi:

Landbruks- og matdepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet

Klima- og miljødepartementet

Miljødirektoratet

Statens landbruksforvaltning

Sunndal kommune

Lesja kommune

Møre og Romsdal fylkeskommune

 

 

Vedlegg 1