Historisk arkiv

- Kommunane må tenkja etisk når dei kjøper varer og tenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

- Kommunane har eit særskild ansvar for å kjøpa produkt laga på lovleg og etisk forsvarleg vis, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Fredag innleia ho på en konferanse om etisk handel i offentleg sektor i Sauda.

- Det offentlege, både staten og kommunesektoren, må vera ein pådrivar som innkjøpar av varer og tenester, seier Kleppa. Ho minner om at sektoren gjer årlege innkjøp av varer og tenester på meir enn 250 milliardar kroner.

- Ei rekkje av varene vi kjøper inn over offentlege budsjett vert diverre produsert under uakseptable tilhøve. Slik kan det sjølvsagt ikkje vera, slår Kleppa fast.

Solidaritet
Statsråden er ikkje i tvil om at kommunar og lokalsamfunn bør engasjera seg i internasjonalt solidaritets- og utviklingsarbeid.
- Kvifor? Fordi avgjerder vi tek lokalt, påverkar tilhøva for menneske og miljø andre stader. Ved å stille etiske krav til innkjøpa medverkar vi til at fattige arbeidarar får eit betre vern og ein betre kvardag og til ein meir rettferdig global utvikling, seier Kleppa.

Ho legg til: - Stat og kommune forvaltar ressursane til fellesskapet. Det gir oss eit særskild ansvar for å kjøpa produkt laga på lovleg og etisk forsvarleg vis.

Kleppa er nøgd med at ein rekkje kommunar allereie er godt i gang med å stille etiske krav. Det skjer både i Stavanger, Kristiansand, Bærum, Bergen, Moss, Grenlandskommunane og Rogaland fylkeskommune er nokre døme på kommunar som nå stiller etiske krav.

I front
- Desse kommunane ligg faktisk i front, internasjonalt. Noreg, i selskap med Sverige, gjer nybrottsarbeid på området.  Til dømes har Stavanger kommune, som den første i landet, nyleg vedteke ein handlingsplan for etisk handel - som den første kommunen i landet, seier Kleppa.

- Offentleg sektor har makt og tyngde som kunde og forbruker. Målet må vera at etisk handel vert ein naturleg og integrert del av offentlege innkjøp, seier Kleppa.

Ho oppmodar dei offentlege innkjøparane å ta i bruk rettleiaren, ”Etiske krav i offentlige anskaffelser”, laga på Initiativ for etisk handel, IEH, på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet.