Historisk arkiv

- Nynorskkommunar har godt utgangspunkt for å møte innflyttarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Kommunar som brukar nynorsk som hovudmål har funne seg ein eigen verdifull ståstad i møte med innflyttarar og innvandrarar, sa kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa da ho onsdag innleia på landstinget for Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

- Kommunar som brukar nynorsk som hovudmål har funne seg ein eigen verdifull ståstad i møte med innflyttarar og innvandrarar, sa kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa da ho onsdag innleia på landstinget for Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

- Dei 116 kommunane som har valt nynorsk som målform er seg medvitne tradisjon og kultur. Dei er levande prov på kor viktig det har vore å kjempa for inkludering, sa Kleppa. Ho streka under at nynorsken ikkje berre gir eit særpreg, den fortel noko om historia.

- Den fortel noko om kva som har vorte teke inn i varmen og definert som norsk kultur, og at dette korkje har vore eller er sjølvsagt på nokon måte.  Ivar Aasen, som var sentral i språkkampen, hadde meiningar om kva vi i Noreg skulle dyrka fram i høve til kultur. Han let ikkje det rådande synet på kva som skulle vera offisiell norsk kultur stå uimotsagt. Han lanserte sitt eige alternativ, nynorsken, basert på dialektane. Det var ein kamp som skapte større mangfald og meir demokrati i landet vårt. Nynorsken har vore med på å inkludera folk i den demokratiske fellesskapen. Det er ei utfordring som har fellestrekk med arbeidet med inkludering og integrering, sa Kleppa.

Ho la til at det å vera tolerant og å ha ein sterk kulturell identitet er ikkje motsetnader.

- Å ha ståstad i eigen kultur kan styrka evna til å forstå det som er annleis. Også evna til å ta i bruk nye impulsar og ressursar. Vinje i Telemark eit døme på det. Innbyggjarane der har tatt konsekvensen av at det fleirkulturelle samfunnet er ein del av det moderne Noreg. Dei satsar på kultur og dei satsar på integrering. Tradisjon og fornying går hand i hand. Slik kan eit lokalsamfunn ta i bruk både historie og dagsaktuell røyndom når dei skal formidla og forklara folk som kjem utanfrå kven dei er. Det gir tryggleik, og det gjer menneska rausare, sa Kleppa.