Historisk arkiv

Gode kriseberedskap krev godt kommunesamarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Krava til kommunal beredskap vert skjerpa frå neste år. No oppmodar kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa kommunane til å samarbeida om beredskap.

Krava til kommunal beredskap vert skjerpa frå neste år. No oppmodar kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa kommunane til å samarbeida om beredskap.

- Kommunane har eit grunnleggjande ansvar for innbyggjarane si tryggleik innanfor sine geografiske grenser. Når det kjem eit lovpålagt krav om kommunal beredskapsplikt frå nyttår, må kommunane gjennomføra ein analyse av risiko- og sårbarheit på tvers av sektorane. Men skal den beredskapen verte god i dei minste kommunane, er det naudsynt med samarbeid over kommunegrensene, sa  statsråd Kleppa då ho onsdag opna ein beredskapskonferanse i Stavanger.

Kleppa viser til at mange kommunar allereie har systematisk og forpliktande samarbeid til eksempel om brannvern, og med naudetatane.

- Då blir det viktig at kommunane kan samarbeida og korleis dei kan utføra beredskapsplikta si, seier Kleppa.

Ho understrekar at kommunane er viktige berebjelkar i det norske bereskapsarbeidet.

- Kvar einaste store hending, anten det er naturkatastrofar, ulykker eller kriminalitet vil utfordra og røra ved eit lokalsamfunn og dei som bur og arbeider der. Då forventar innbyggjarane at kommunen har ein god beredskap, seier Kleppa.