Historisk arkiv

Navarsete vil ha MOTMAKT mot Oslo-dominansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete inviterer til debatt i Bergen om Oslo-dominansar i Noreg tysdag 1. desember.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete inviterer til debatt i Bergen om Oslo-dominansar i Noreg.

Møtet finn stad på Hotel Neptun i Bergen tysdag 1. desember kl. 09.00 – 10.30.

Her møter statsråd Navarsete sjefsredaktør i BT Trine Eilertsen, byrådsleiar Monica Meland, leiar i Bergen Næringsråd Eric Bøckmann, professor Frank Aarebrot, Magnus Stangeland i Bergen Group, leiar i Studentersamfunnet Kaia Tetlie, nestleiar i Studentersamfunnet Pål Andreas Sætre og stortingsrepresentant Kjersti Toppe.

Statsråden vil spørje dei om:

  • Korleis kan regjeringa bidra til ei meir balansert utvikling mellom byane og regionane?
  • Kva kan byregionane utanfor Oslo gjere for å ta opp kampen om dei beste hovuda med Oslo?
  • Korleis sikre ein betre spreiing av kompetansearbeidsplassar?
  • Bør storbyane utanfor Oslo spele meir på lag i saker der dei har felles interesser?
  • Kan storbyane spele meir på lag med omlandet sitt for å styrke regionen samla?

Same dag kl. 11.10 skal statsråd Navarsete besøke fartyet Mermade Endoer som er under bygging hos Bergen Group i Solheimsviken, adr. Damsgaardsvn. 229, Laksevåg.

Tema for besøket: Utfordringer for verftsindustrien.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.