Kostnadar for kommunane til samhandling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 24.06.2011
Kommunane får om lag 5 milliardar kroner neste år til nye oppgåver i samband med samhandlingsreforma. Endelig beløp og fordeling blir presentert i statsbudsjettet for 2012.
Kommunane får om lag 5 milliardar kroner neste år til nye oppgåver i samband med samhandlingsreforma. Endelig beløp og fordeling blir presentert i statsbudsjettet for 2012.
Pengane blir fordelte til kommunane gjennom inntektssystemet etter alderssamansetjinga i befolkninga. Frå og med 2012 vert det innført kommunal medfinansiering av spesialisthelsetenesta og kommunalt betalingsansvar for utskrivingsklare pasientar.
Helsedirektoratet har no publisert data som syner kva dei nye ordningane for kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar ville kosta den enkelte kommune dersom ordningane hadde eksistert i 2009 og 2010. Kommunane sin interesseorganisasjon KS har sett denne oversikta opp mot dei foreløpige tale for fordeling av samhandlingspengane i 2012 frå kommuneproposisjonen.
I kommuneproposisjonen varsla regjeringa at enkelte kommunar vil kunne ha høgare kostnader ved kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar ved innføringstidspunktet enn det som fordeling etter inntektssystemet fangar opp.
- Dette er ikkje noko nytt, for som me varsla i kommuneproposisjonen, vil desse kommunane i ein overgangsperiode få ein kompensasjon utover det som vert fordelt gjennom kostnadsnøkkelen. Kompensasjonen kjem neste år innafor veksten i dei frie inntektene. Regjeringa vil i statsbudsjettet komme nærare tilbake til nivå og innretning på kompensasjonen, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.