Historisk arkiv

Andøya tilbyr ei spanande reise i verdsrommet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Andøya Rakettskytefelt skal ferdigstille romskipet Aurora i løpet av 2013. Innovasjon Noreg er ein av bidragsytarane bak det spesielle sentret for kunnskap og oppleving, som er det einaste i sitt slag i Skandinavia.

Hard konkurranse i reiselivsnæringa gjer at aktørar må tenkje nytt og kreativt for å tiltrekkje seg kravstore turistar. Det har Andøya Rakettskytefelt løyst ved å utvikle og tilby unike opplevingar relatert til nordlys og romforsking ved hjelp av moderne datateknologi.

Sentret har fått distriktsretta investeringstilskot og bedriftsutviklingstilskot frå Innovasjon Noreg på til saman 3,1 millionar kroner. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete trur sentret blir ein vinnar blant både tilreisande og folk i lokalsamfunnet i åra framover.

- For å lukkast i reiselivsnæringa må ein tilby noko nytt og spanande. Eg trur romskipet Aurora vil forsterke Andøya og Vesterålen som eit attraktivt reisemål, både i eit nasjonalt og internasjonalt marknad, seier statsråden.

Sentret, som mellom anna tilbyr nordlysopplevingar og rakettoppskyting, gjev eit nytt og konkret innhald til Nord-Noregs nye marknadsprofil og støttar opp under satsinga på og utviklinga av nyskapande heilårsprodukt.