Historisk arkiv

Regjeringa vil heidre kommunar som tenkjer nytt og smart

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

For at kommunane skal kunne tilby minst like gode tenester i framtida, må dei løyse oppgåvene smartare. - For å inspirere kommunar til å tenkje nytt, vil me løfte fram kommunar som har funne nye løysingar som gjer kvardagen til innbyggjarane betre. Difor lanserer me no ein innovasjonspris, som skal gå til ein slik eksempelkommune.

For at kommunane skal kunne tilby minst like gode tenester i framtida, må dei løyse oppgåvene smartare. - For å inspirere kommunar til å tenkje nytt, vil me løfte fram kommunar som har funne nye løysingar som gjer kvardagen til innbyggjarane betre. Difor lanserer me no ein innovasjonspris.

Det seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Med seg på laget har ho fått gründer og teknologidirektør i Microsoft Shahzad Rana, som skal lede juryen sitt arbeid.

Kommunal- og regionaldepartementet etablerte Innovasjonsprisen som ein del av regjeringa sin strategi for innovasjon i kommunesektoren - «Nye vegar til framtidas velferd». Prisen går til ein kommune som har utmerka seg med å realisere innovative løysingar, betra sine tenester, og skapa ein enklare kvardag for sine innbyggjarar.

Innovasjonsprisen skal delast ut sommaren 2014, og vinnarkommunen vil få 500.000 kroner. Målet er å rette merksemd mot innovative tiltak i kommunane, og å løfte fram gode eksemplar som kan motivere til nytenking og innovasjon i andre kommunar.

Dei som kan søkje om å få prisen er kommunar som har satt i gang større eller mindre innovasjonsprosessar, eller mindre tiltak som har skapa ein meirverdi for innbyggjarane.

Prosjekt og tiltak vil bli vurdert etter følgjande kriteria:

  • Overordna vurdering av tiltaket
  • I kva grad tiltaket er nytt og ikkje utprøvd tidlegare
  • I kva grad tiltaket har medført eller kan ventast å medføre en meirverdi for kommunen sine innbyggjarar
  • I kva grad tiltaket er med på å skape ein innovasjonskultur og har generert nye innovasjonstiltak
  • I kva grad tiltaket er formidla vidare/planlagt formidla vidare til andre kommunar
  • I kva grad tiltaket fører til ei forenkling av arbeidsprosessane i kommunen

Søknadsfristen er 1. mars 2014.

Søknaden kan kome frå kommunen sjølv eller einingar/etatar i kommunen.

Merk søknaden ”Innovasjonsprisen” og send den til postmottak@krd.dep.no

Kontaktpersonar i Kommunal- og regionaldepartementet:

  • Seniorrådgjevar Helga Aanderaa, tlf. 22 24 71 50
  • Fungerande avdelingsdirektør Alexander Wiken Lange, tlf. 22 24 72 44