Fem stader kjemper om prisen for attraktiv stad
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 21.05.2013
Eldsjeler i Ringebu, Herøy, Norheimsund, Kirkenes og Fagernes konkurrerer om Statens pris for attraktiv stad 2013. - Dei fem nominerte representerer noko av det mest interessante som finst av stadutvikling i landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Eldsjeler i Ringebu, Herøy, Norheimsund, Kirkenes og Fagernes konkurrerer om Statens pris for attraktiv stad 2013. - Dei fem nominerte representerer noko av det mest interessante som finst av stadutvikling i landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Finalistane er valt ut frå ei liste med 358 stader, som er foreslått til Statens pris for attraktiv stad 2013. Heile 750 personar har nominert sine favorittstader. Prisen er ei pengegåve på 250.000 kroner, som skal gå til vidare opprusting av den aktuelle staden.
- Den viktigaste innsatsen for å gjere ein stad attraktiv kjem frå dei som bur der. Å dra lasset i lag, på langsiktig og systematisk vis, kan skape fantastiske resultat for eit lokalsamfunn, seier statsråden, som offentleggjer den endelege vinnaren 28. mai.
God utforming av dei fysiske omgjevnadene er ein føresetnad for å få prisen. Juryen har lagt vekt på tiltak som har ført til kvalitetsmessig og estetisk opprustning av staden. Dei har også sett på korleis næringsliv og innbyggjarar har vore involvert i utviklingsarbeidet.
- Tiltaka skal vere med å auke attraktiviteten til staden og styrkje opplevinga folk har av trivsel, tilhøyrsle og stoltheit for heimstaden sin, fortel Navarsete.
Kåringa skal framheve og heidre kommunar og andre som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring og besøkje. Navarsete håper prisen kan løfte fram gode forbilde, som kan inspirere andre til innsats.
- Det å vere nominert i denne harde konkurransen er ein stor siger i seg sjølv. No er det opp til juryen å avgjere kven som har gjort den aller beste jobben. Eg gler meg til å dele ut prisen 28. mai, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00