Navarsete opnar NM for Studentbedrifter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 04.06.2013 | Sist oppdatert: 05.06.2013
– Skal me utvikle samfunnet vårt er me heilt avhengige av ungdom med pågangsmot og nye idear, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Onsdag 5. juni opnar ho NM for Studentbedrifter i Oslo.
– Skal me utvikle samfunnet vårt er me heilt avhengige av ungdom med pågangsmot og nye idear, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Onsdag 5. juni opnar ho NM for Studentbedrifter i Oslo.
Gjennom å etablere ei studentbedrift får studentane svært verdifull erfaring med seg vidare i arbeidslivet. Men skaparglede, pågangsmot og kreativitet er òg noko me treng for å auke verdiskapinga i heile landet.
– Det å sjå kva unge og entusiastiske ungdommar kan skape gjev meg energi og pågangsmot. Eg ser difor fram til å vitja NM og er svært nysgjerrig på kva eg får sjå. Eg vil oppmode høgskulane og universiteta til å prioritere arbeidet med entreprenørskap. Noreg treng fleire dyktige gründerar i tida som kjem, seier Liv Signe Navarsete.
Ungt Entreprenørskap er eit spleiselag der organisasjonar, offentlige og private verksemder samhandlar. UE er ein inspirerande og profesjonell tilretteleggjar for auka entreprenørskap. KRD medfinansierer UE.
Onsdag 5. juni opnar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete NM for Studentbedrifter i NHO sine lokale i Oslo.