Historisk arkiv

Nytt inntektssystem for fylkeskommunane utsett til 2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Framlegginga av nytt inntektssystem for fylkeskommunane blir utsett til kommuneproposisjonen for 2015. Det varsla kommunalminister Liv Signe Navarsete på konsultasjonsmøtet i dag.

Framlegginga av nytt inntektssystem for fylkeskommunane blir utsett til kommuneproposisjonen for 2015. Det varsla kommunalminister Liv Signe Navarsete på konsultasjonsmøtet i dag.

Det har vore mange utgreiingar knytt til inntektssystemet for fylkeskommunane opp gjennom åra. Arbeidet har vist seg å vere krevjande.

Kommunal- og regionaldepartementet har med støtte frå fagdepartementa gjort eit grundig arbeid, og har lagt eit solid grunnlag for det vidare arbeidet med kostnadsnøklane.

Framleis gjenstår det eit stykke arbeid med delkostnadsnøkkelen for kollektive ruter. Det har vist seg vanskeleg å finne gode, objektive kriteria som fangar opp forskjellane i utgiftene til fylkeskommunane på ein god måte.

Dei faglege tilrådingane er at det bør setjast i gang eit prosjekt som særskilt ser på gode løysingar for båt- og ferjesektoren.

For å sikre føreseielege og stabile inntektsrammar for fylkeskommunane over tid, vil regjeringa vente med å leggje fram nytt inntektssystem for fylkeskommunane til ein får gjort ei heilskapleg omlegging, og ikkje stykkevise omleggingar over fleire år.