Historisk arkiv

Skal revidere eigarseksjonslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vil revidere eigarseksjonslova.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vil revidere eigarseksjonslova.

Eigarseksjonslova betyr mykje for veldig mange menneske. Lova regulerer eigarforholda til om lag 360 000 husstandar og rundt 32 000 næringslokale. Fredag 14. juni set kommunal- og regionalministeren ned eit utval som skal oppdatere lova.

– Me må ha eit lovverk som fungerer for folk. Lova er frå 1997 og det har skjedd mykje på bustadmarknaden på desse åra, seier Liv Signe Navarsete.

Mellom anna manglar lova ei klar grense mellom vedlikehaldsansvaret til bebuarane og sameiget, reglar om erstatning ved skade på eigedomen og kva som er fellesareal. Det kan òg vere vanskeleg for kjøparar av ein seksjon å vite om dei har kjøpt ein lovleg garasje- eller parkeringsplass, eller om plassen er knytt til ein seksjon på gale premissar.

Utvalet vil føreslå lovendringar for å unngå interne konfliktar mellom sameigarane. Dei vil sjå på korleis finansierings- og pantsetjingsmarknaden fungerer, og om lova er god nok for dei som skal ta stilling til søknader om seksjonering og moglege klager i slike saker.

Desse skal revidere eigarseksjonslova: 

  • sorenskrivar Christian Fr Wyller (Hjelmeland kommune), leiar
  • seniorrådgjevar Hugo Torgersen (Oslo kommune)
  • advokat Bente Lauritzsen (Oslo kommune)
  • rådgjevar Cecilie Asak (Frogn kommune)
  • fagansvarleg for kart og oppmåling Berit Danielsen (Bærum kommune)
  • advokat Liv Zimmermann (Bærum kommune)
  • stipendiat Harald Benestad Anderssen (Tromsø kommune)

Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. juli 2014