Ynskjer samarbeid om ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Nyheit | Dato: 27.05.2013
Måndag 27. mai møter representantar for regjeringa brukar- og interesseorganisasjonar for å få innspel til ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid.
Måndag 27. mai møter representantar for regjeringa brukar- og interesseorganisasjonar for å få innspel til ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid.
– Verken staten eller kommunane kan løyse dei bustadsosiale utfordringane aleine. Me treng fleire med på laget. Ikkje minst treng me erfaringane og innspela frå brukar- og interesseorganisasjonar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa varsla i bustadmeldinga ”Byggje-bu-leve” at ho vil intensivere innsatsen overfor dei som slit på bustadmarknaden. Gjennom den nye strategien ynskjer regjeringa å målrette den tverrfaglege innsatsen. På møtet i kontaktutvalet for sosialt og økonomisk vanskelegstilte møter politisk leiing frå Arbeidsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet Samarbeidsforum mot fattigdom i Noreg.
– Eg ynskjer dialog om korleis me kan omsetje ord til handling. Korleis kan fleire få hjelp til ein eigna stad å bu og hjelp til å bli buande? Eg gler meg til å høyre meir om innspela til Samarbeidsforum mot fattigdom, seier Navarsete.
Desse møter i kontaktutvalet for sosialt og økonomisk vanskelegstilte:
- Rusmisbrukernes interesseorganisasjon (RIO)
- Bikuben – regionalt brukerstyrt senter i Nord-Norge
- Leieboerforeningen
- Likestilling, inkludering og nettverk (LIN)
- Velferdsalliansen
- Stiftelsen rettferd for taperne
- Kreativt og mangfoldig arbeidsliv (KREM)
- Batteriet