Historisk arkiv

Kommunane etter Terra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg av statsråd Magnhild Meltveit Kleppa på ordførerkonferanse 17. april 2008.

Innlegg på ordførerkonferanse 17. april 2008.

Har vi tillit til kommunane - kommunane etter Terra

Gode forsamling!

Kommunane har stor tillit ute blant folk.
Ein tillit som er opparbeidd over lang tid.

Nasjonale spørjeundersøkelsar viser at innbyggjarane stort sett er godt nøgde med kommunen sin.

Mottakarar av kommunale tenester er jamt over meir nøgde med kvaliteten enn dei som ikkje har motteke ei teneste.

Det er eit gap mellom det inntrykket som til tider kjem fram i media og korleis både innbyggjarar og tenestemottakarar opplever stoda.

Kommmunane er også heilt avhengige av at dei har tillit:

  • Innbyggjarane må vita at dei får rettsleg rette avgjerder og gode tenester.
  • Friviljuge organisasjonar og næringsliv må kjenna at dei føreheld seg til truverdige og profesjonelle aktørar i kommunane.
  • Eit godt omdømme er er avgjerande for for å sikra kommunane både gode rammevilkår og kvalifisert arbeidskraft. Det viktigaste arbeidet for å sikra og styrka kommunane sitt omdømme  skjer lokalt:
  • Leiarar, både folkevalde og tilsette på alle nivå har eit spesielt ansvar for å setja standard og vera gode rollemodellar.
  • Ein open og gjennomsiktig kommunesektor er viktig for lokaldemokratiet.
  • Ein open organisasjon har dei beste føresetnadene for å sikra høg etisk standard, fornying og gode tenester.

Ingen andre enn kommunane sjølve kan visa at dei forvaltar denne tilliten.
Einskildsaker har diverre vist kor ille det kan gå om ikkje kommunane gjer nett det!

KRD har oppretta Forum for etikk i kommunesektoren.

Både forgjengaren min, Åslaug Haga, og eg har hatt stor nytte av å drøfta utfordringar på dette feltet med organisasjonar og ekspertar.

I morgon mottek eg ein rapport frå eit utval som har sett på korleis delar av dette arbeidet kan følgjast opp.

Vi har sendt på høyring forslag til lovendringar som skal medverka til større rolleklarleik i i kommunane og varsla ei sak til Stortinget til hausten.

Eg vil setja ned ei arbeidsgruppe som skal koma med forslag til korleis ein lokalt og nasjonalt kan styrka eigenkontrollen i kommunane.

Eg ser fram til  forslag om korleis arbeidet i kontrollutvala, revisjonen og administrasjonssjefen sin internkontroll kan gjevast større effekt, tyngd og gjennomslagskraft.

Arbeidsgruppa skal vera breitt samansett. Mandatet skal utarbeidast i samråd med KS og Forum for etikk i kommunesektoren.

Før vi går til Terra, tek vi eit historisk tilbakeblikk:
Historie er nemleg  relevant i “Terra-saka”.
Liknande saker har skjedd før. Også då stod vatn og ikkje minst vasskraft sentralt.

Vi skal til Sogn og Fjordane. Året er 1918.
Då kjøper Ålfot interkommunale kraftselskap fallrettane til fossefalla i Yksenelvane og Åskora i Ålfoten. Kvar? Jo, i Bremanger kommune…

Det same skjedde andre stader i landet:
Kommunane gjekk saman om offentleg storsatsing på kraftutbygging. Rett før dei økonomiske nedgangstidene som råka Noreg på 1920-talet.

Kraftselskapet i Ålfoten gjorde mange feil.
Det første var bygging av flotte villaer til ingeniørar og funksjonærar, luksuriøs administrasjonsbygning og jamvel eigen dampbåt. Alt vart i tillegg dyrare og gjekk seinare enn tenkt: I 1922 hadde selskapet ei gjeld på 13 millionar kroner.

Ein astronomisk sum på den tida. Selskapet hamna i ein dødsspiral. Depresjon og deflasjon førte til store underskot,  – som fylket og kommunane måtte dekkja.
Ålfot interkommunale selskap var organisert som eit solidarisk selskap: Eigarane måtte stå direkte ansvarlege for underskota.

Dette munna ut i ei nær botnlaus gjeldskrise og økonomiske problem for fylket og dei innblanda kommunane. Fleire av dei vart sette under statleg administrasjon. Somme sleit med gjeld opp til 40 år etter Ålfot-misera.

I fylkesleksikonet til Sogn og Fjordane les eg at politikarane i fylket i mange tiår var forsiktige med å ta på seg økonomisk ansvar som dei ikkje fullt ut kunne sjå rekkjevidda av.

Eg tek med ein replikk henta frå ein debatt om økonomi i fylkestinget på 1950-talet: - Vi må vere varsame, for vi har hatt ein “ålfot”, og vi kan ikkje tole fleire “ålføter”.

Terra-saka kan sjåast på som nye spor etter “ålføter”.

Igjen handlar det om vasskraft, men no om uklok bruk av inntekter som vatnet gjev. I første rekkje er det snakk om handlingar med økonomiske konsekvensar som folkevalde ikkje såg rekkjevidda av.

Og på ny har vi å gjera med ein situasjon der lokale hendingar – kommunale vedtak – får nasjonale konsekvensar: Statlege styresmakter vert kopla inn, akkurat som krisa i kommunane på 1920-talet førte til nytt lovverk og nye forskrifter.

Då som no er utfordringa å hindra at liknande ting skjer på ny.
Saka har verkeleg vist kva ansvar det er å vera folkevald.
Saka har også synleggjort administrasjonen sitt ansvar, like eins kor viktig det er med klare ansvarsforhold mellom folkevalde og administrasjon. 

Fylkesmennene har gjort seg erfaringar i høve den kompetanse dei må ha og den rettleiinga dei skal stilla opp med.

I departementet er årvåkenheta skjerpa. Dette gjeld både i høve klåre reglar og  eintydige svar.

Kommunane og innbyggjarane har framleis krevjande dagar.
Dei har gjort seg sine heilt spesiell erfaringar.

Saka har i sum skjerpa lokaldemokratiet. Folkevald-opplæringa vil nok bli styrkt i mange kommunar ved komande lokalval.

Kva gjer departementet?

  • Eg har varsla gjennomgang av alt relevant regelverk.
    Det er departementet no godt i gang med.
  • Vi sender ny forskrift om finansforvaltning på høyring før sommaren.
  • Vi skal vera  tydelegare på forholdet mellom kommmunestyret og administrasjonen, rapportering, risikoavgrensingar osb.
  • Brev til alle kommunar og fylkeskommunar om korleis §50 skal praktiserast.
  • Det skal ikkje vera høve til å forskottera framtidige inntekter for å investera i  finansielle produkt.
  • Vi ser nærare på kontrollutvalet og revisjonen si rolle, jf arbeidsgruppe.

Oppfylgjing av Terra-kommunane har vore ei viktig side av departementet sitt arbeid.

 I samband med endeleg rekneskap for 2007, må  kommunane leggja ein plan for inndekking av tap.

Terra-kommunane har vist stor vilje til å rydda opp. Dei har bedt oss vurdera om dei kan gå utover dei fire åra lova i dag krev for inndekking.

Dette spørsmålet vil vera avklart innan nær framtid.

Avrunding

Terra-saka steig til overflata kort tid etter at eg vart statsråd.

Ein ting som slår meg er at så å seia alle dei råka kommunane arrangerte ei rekkje folkemøte om denne saka då ho vart omtalt i massemedia.

Og folk møtte opp; tok ordet, spurde, engasjerte seg og – sjølvsagt – bar til torgs kritiske merknader til det som hadde skjedd.

Det ligg ein demokratisk og løfterik lærdom i nett dette.

Vi har eit representativt demokrati: folk vel folkevalde som skal styra på vegner av folket.

Med det tyder ikkje at folkeleg vit og kritikk ikkje skal brukast, ikkje skal søkjast mellom val.

Spesielt i saker der konsekvensane av vedtak og handlingar kan verta omfattande og radikale, bør det vera eit mål å “jorda” desse blant folk flest. Særleg når  mykje står på spel, må politikken og politikarane syta for at dei står fjellstøtt og bortanfor rimeleg tvil. Då kan nettopp folkemøte og andre former for folkelege høyringar vera på sin plass. I forkant av vedtak og handling.

Fleire kommunar har hatt stor nytte av veljardialog mellom vala også i det daglege politiske arbeidet. 

Ordføraren i Askim, Trygve Westgård, ikkje til stades på middagen i går kveld.
Han skulle heim på Innbyggjarmøte om skulepolitikk.

Eit ledd i den innbyggjardialogen Askim bystyre har etablert.

Mange folkevalde har god erfaring med formelle dialogar mellom vala!!

Overskrifta eg har fått handlar eigentleg ikkje berre om vi kan ha tillit til kommunane.

Like viktig er det at kommunane – administrasjon og politikarar – har tillit til dei som bur, lever og arbeider i desse kommunane.

Meir deltaking, eit breiare lokalt folkestyre, djupare folkelig kritikk: Det trur eg kan stå som ein av dei viktige lærdomane av denne saka.