Historisk arkiv

Terra-kommunane må følgja lova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt media 17.12.08.

Den siste tida er det skapt eit inntrykk i media av at Kommunal- og regionaldepartementet har pålagt kommunane i Terra-saka ei innstramming i budsjetta. Det er feil. Bakgrunnen er spørsmålet om korleis kommunane skal rekneskapsføra og budsjettera morarenter. DnB NOR krev nemlig slike renter fordi kommunane ikkje vil betala på låna knytt til finansplasseringane som dei gjorde gjennom Terra.

Eg ønskjer å presisera at departementet ikkje har innført strengare krav til kommunane si økonomiforvaltning. Departementet har i brev til kommunane peika på at det følgjer av gjeldande regelverk at morarentene må førast i rekneskapen. Reglane opnar ikkje for unntak frå dette kravet. Eg må leggja til grunn at kommunane vurderte denne problemstillinga før dei valde å ikkje betala ned låna sine. Eg vil òg presisera at departementet i denne vurderinga ikkje på nokon måte har teke stilling til tvisten mellom kommunane og banken.

Eg har forståing for at kommunane er i ein krevjande situasjon. Eg er samstundes oppteken av at kommunane i budsjetta tek høgde for at dei eventuelt ikkje når fram med krava, og at resultatet vil kunna bli at dei må betala morarentene. Om dette skulle bli utfallet, vil det av omsyn til tenestetilbodet og innbyggjarane i kommunane vera særs viktig at kommunane har økonomi til å innfri pliktene sine.

Eg er oppteken av å sikra at kommunane skal vera i stand til å gje innbyggjarane eit forsvarleg tenestetilbod og at tapa på finansplasseringane ikkje må gå ut over dei grunnleggjande tenestene til barn, sjuke og andre innbyggjarar. Fylkesmennene vil framleis ha tett dialog med kommunane og sjå til at kommunane opprettheld eit forsvarleg tenestenivå.

Eg følgjer situasjonen i kommunane nøye og har god dialog med fylkesmennene om dette. Kommunane Hattfjelldal, Vik og Bremanger har fått forlenga tid til å dekkja inn underskot  og ekstra skjønnsmidlar for å sikra eit forsvarleg tenestetilbod. Av omsyn til eit forsvarleg tilbod til innbyggjarane vil departementet om naudsynt òg vurdera om det trengst meir skjønnsmidlar og lengre inndekningstid til nokre av kommunane.