Historisk arkiv

Opning av Norges kommunerevisorforbunds (NKRFs) kontrollutvalgskonferanse 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Opning av Norges kommunerevisorforbunds (NKRFs) kontrollutvalgskonferanse 2009 9. februar 2009 på Gardermoen.

Takk for invitasjonen til å koma hit i dag.

Kontroll og tilsyn er viktig. Det handlar om kritiske blikk. Om mot og evne til å seia i frå. Om vilje til å reflektera med mål om å gjera tilstanden betre.

Dei fleste som er til stades her i dag, er anten medlemmer av kontrollutval, tilsette i deira sekretariat eller i kommunerevisjonen. De har dermed alle ein nøkkelfunksjon i den kommunale eigenkontrollen. Arbeidet i kontrollutvalet er med på å sikra at kommunen er velfungerande. Men medverkar óg til å motverka og avdekkja uheldige hendingar.

Verksemda til medlemmer i kontrollutval og tilsette i sekratariata og revisjonane er grunnleggjande viktig for at kommunane skal ha tillit blant folk. Kontroll og tilsyn er óg ein stadig viktigare føresetnad for at kommunane vert drivne som dei skal, dvs. i tråd med folkeviljen og demokratiske vedtak og prioriteringar.

Kontroll og tilsyn er ein hjørnestein i eit demokrati.

Eg er ikkje i tvil om  folkestyret vårt er sterkt prega, forma og påverka av kommunane og det lokale demokratiet. Slik blir kontroll og tilsyn på lokalt, kommunalt nivå openbert ein føresetnad for at også demokratiet skal fungera og utvikla seg.

7 tema:

1. Nytt oppdrag:
Auka satsing på kommunesektoren - tiltakspakka
Regjeringa la 26. januar fram ei tiltakspakke for å stimulera aktiviteten i norsk økonomi. Her er det mellom anna forslag om eit vedlikehaldstilskot på 4 mrd. kroner til kommunesektoren. Det er eit vilkår at pengane skal brukast på vedlikehald, opprusting, rehabilitering  som vert sette i gong i 2009. Det er også høve til å føreta mindre investeringar som kan ferdigstillast i 2009, ein ballbinge, eit påbygg til ein skule osb. For å sikra at tilskotet medverkar til auka aktivitet, er det òg eit vilkår at pengane vert nytta til prosjekt og tiltak som kjem i tillegg til allereie vedtekne prosjekt i kommunebudsjetta for 2009. Kommunane skal rapportera om bruken til fylkesmannen, fylkeskommunane til departementet. Pengar som ikkje blir brukte, vert trekte attende!! Dette tilskotet og andre tiltak vil føra til at mange kommunar vil gjera fleire innkjøp over kort tid enn det dei elles ville ha gjort. Finanskrisa fører også til at mange fleire private tilbydarar enn elles vil vera interesserte i oppdrag.  Fornyings- og administrasjonsdepartementet i førre månad sende ut eit brev der departementet viste til at som følgje av finanskrisa, er det no mogleg å nytta ei særleg hasteprosedyre ved avgrensa anbodskonkurransar. Dette gjer det mogleg å redusera tida frå kunngjering av konkurranse til signering av kontrakt frå om lag 80 dagar til om lag 30 dagar.

2. Varsling om kritikkverdige forhold - nye reglar frå 1. januar 2007
Arbeidsmiljølova fekk for to år sidan nye reglar om varsling om kritikkverdige forhold. Varslingsretten er styrkt ved at retten til å varsla no er lovfesta. Dessutan har arbeidstakarane fått eit betre vern mot gjengjelding, og arbeidsgivarane er pålagde å leggja forholda til rette for varsling i verksemda. Varsling kan óg vera eit middel for å avdekkja korrupsjon og andre ulovlege høve. Kommunane og fylkeskommunane må, som alle andre arbeidsgjevarar, følgja desse nye reglane.

3. Meir opne kommunar og fylkeskommunar med ny offentleglov frå 1. januar 2009
Den nye offentleglova, som tok til å gjelda ved nyttår, er eit høve til å tenkja gjennom korleis ein kan skapa meir innsyn og openheit i kommunen og fylkeskommunen. Innsyn og openheit aukar engasjementet og interessa for lokal¬demokratiet. I tillegg styrkjer det vernet mot korrupsjon og feil bruk av offentlege pengar. Til dømes i saker om offentlege innkjøp er det viktig med auka innsyn.

Føremålet med den nye lova er mellom anna å gjera det enklare for innbyggjarane å få innsyn i kva som skjer i kommunane og fylkeskommunane.

4. Ny finansføresegn
1. desember gjekk høyringsfristen for ny føresegn om finansforvalting i kommunar og fylkeskommunar ut. Eg tek sikte på å få på plass ei ny føresegn før sommaren.

Departementet har motteke i overkant av 50 høyringsfråsegner som no er til handsaming. Både høyringsfråsegnene frå NKRF og FKT (Forum for kontroll og tilsyn) tek opp kontrollutvala si rolle i den kommunale finansforvaltinga. NKRF meiner dei einskilde kommunestyra må ta stilling til kva for rolle kontrollutvala skal ha, og at denne vert fastsett i finansreglementet til kommunen. FKT vil at det skal vera obligatorisk at utvalet får tilsendt finansrapportane, men at utvala sjølve avgjer korleis dei vil gå inn i dei.

Arbeidsgruppa om eigenkontroll, som leiar Bjørn Arild Gram skal fortelja meir om i morgon, har mellom anna fått i oppgåve å sjå på nett denne problemstillinga. Mandatet seier at arbeidsgruppa skal gjera greie for og vurdera den rolla kontrollutvalet og revisor har eller bør ha overfor finansforvaltinga i kommunen eller fylkeskommunen. Vi avventar vurderingane til arbeidsgruppa.

5. Folkevald styring og kontroll med kommunalt eigde selskap
Kommunen sitt eigarskap i aksjeselskap og interkommunale selskap representerer store verdiar. Her er det viktig med folkevald styring og kontroll. Stortinget handsamar saka i desse dagar.

Det er kommunestyret som har hovudansvaret for god og aktiv eigarstyring.

Kontrollutvalet skal syta for at det vert ført kontroll med forvaltninga av kommunen eller fylkeskommunen sine interesser i selskap m.m. Det må prioriterast mellom ulike selskap å føra kontroll med, og kommunestyret skal vedta ein plan for selskapskontroll minst ein gong i valperioden.

KS Eigarforum har gjeve tilrådingar om eigarskap, selskapsleiing og kontroll av kommunalt/fylkeskommunalt eigde selskap og føretak. Eg vonar at arbeidet med eigarskapsmeldingar vil gje nye og betre moglegheiter til folkevald styring og kontroll med selskap.

Til alle kontrollutvalsmedlemmer som er til stades her i dag er det viktig for meg å seia: Kontrollutvalet har ei rolle med å peika på behovet for folkevald styring og kontroll. Bruk derfor dei reiskapane som ligg i lov og føresegn – og la selskapa få høyra frå dykk.

6. Etikk i kommunane
Det har skjedd mykje dei siste åra når det gjeld etikk. Både i kommunesektoren og elles i samfunnet er det ei heilt anna haldning, merksemd og kunnskap om etiske spørsmål og problemstillingar. Eg vil nytta høvet til å understreka kor viktig det er at den politiske og administrative leiinga i kommunane sjølve tar ansvaret for å sikra høg etisk standard. Det er på grunnplanet etikkarbeidet må drivast,slå rot, utviklast. Departementet på si side skal gjera sitt for å leggja til rette for arbeidet som må gjerast lokalt.

Arbeid med etikk i KRD
Forum for etikk i kommunesektoren vart etablert i 2006 for å koma med innspel til Kommunal- og regionaldepartementets arbeid med kartlegging av regelverket for kommunesektoren i eit etisk perspektiv og diskutera utfordringar og løysingar. Dette arbeidet resulterte i eit høyringsnotat med forslag til endringar i kommunelova og forvaltningslova om rolleklårleik i kommunesektoren.

Kommunal- og regionaldepartementet fremja før jul ein proposisjon for Odelstinget med forslag om lovendringar for å leggja til rette for styrka tillit til forvaltninga i kommunar og fylkeskommunar.

Forvaltninga i kommunane held i all hovudsak høg etisk standard.
Det er likevel svært alvorlege døme på det motsette,jfr Anne Hafstad m.fl.
Forslag til lovendringar byggjer vidare på og utdjupar noverande praksis. I proposisjonen føreslår departementet til dømes at fylkesmannen skal få utvida moglegheit til å lovlegkontrollera avgjerder om at møte skal haldast for opne eller lukka dører og avgjerder om habilitet. Som eg alt har vore inne på, openheit rundt politiske er prosessar viktig. Møte for lukka dører bør berre haldast når det er høgst nødvendig og sjølvsagt i samsvar med lova. Når dei nye reglane tek til å gjelda, vil departementet senda ut eit rundskriv med ei fyldig omtale av korleis reglane er å forstå. Saman med den nye offentleglova, er desse reglane viktige for å skapa ein meir open kommune.

Vi føreslår òg at etikk blir løfta inn i formålsparagrafen i kommunelova, og at kommunane kvart år skal rapportera om kva dei gjer for å sikra høg etisk standard i kommunen.

Forslag om strengare habilitetsreglar for styremedlemmer var på høyring hausten 2007. Departementet føreslo automatisk inhabilitet for leiarar og styremedlemmer i kommunalt eide selskap når saker der selskapet er part, vert handsama i folkevalde organ eller administrasjonen i kommunen. Sjølv om eit fleirtal i høyringa gjekk inn for forslaget, var det òg nokre kritiske ytringar. Eg ser trong for å avklara nærare dei praktiske konsekvensane av forslaget om strengare habilitetsreglar. Dette gjeld særleg kva saker det gjeld og når det vil vera tale om inhabilitet. Eg kjem tilbake til denne saka i løpet av våren.

Eg sette i desember 2007 ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdera behovet for eit nasjonalt kompetanseorgan for etikk i kommunesektoren. Arbeidsgruppa leverte i april 2008 ein rapport der dei frårådde eit eige kompetanseorgan, men i staden satsa på betre informasjons- og rettleiingsmateriell, etablering av ein nettstad for kompetanseoppbygging og erfaringsdeling, samt  eit forprosjekt for å konkretisera rammene for eit forskingsprogram om etikk i kommunal sektor. Dette er forslag som skal fylgjast opp.
Eg tek elles sikte på å halda årlege samlingar - gjerne i samarbeid med KS - med eit stort innslag av folkevalde og folk frå administrasjonen i kommunar og fylkeskommunar der vi tek opp aktuelle etikkspørsmål.

7. Om eigenkontrollen
I november 2008 vart  ei arbeidsgruppe som skal føreslå tiltak for å styrkja eigenkontrollen i kommunar og fylkeskommunar oppnemnt. (Som eg alt har vore inne på, leia av Bjørn Arild Gram). Det er 10 medlemmer i gruppa, halvparten folkevalde. Gruppa skal levera ein rapport og tilrådingar i løpet av året.

Dei viktigaste organisasjonane på feltet er representerte i gruppa: Den norske Revisorforening, Forum for kontroll og tilsyn og Norges Kommunerevisorforbund. Det vil vera mogleg å koma med innspel både direkte og gjennom organisasjonane.

Gruppa har fått eit omfattande mandat. Hovudoppgåva er å føreslå tiltak og rettleiingsmateriell som kan verka til at kontrollutvala, revisjonane og internkontrollen til administrasjonssjefen får større effekt og legitimitet.

Den gjeldande arbeidsdelinga mellom kontrollutval, revisjon og sekretariat skal liggja fast. Det er etter mitt syn ikkje grunnlag for å vurdera endringar her no.

Proposisjonen frå desember, Ot.prp. nr. 17 (2008-2009), drøftar viktige sider ved eigenkontrollen i kommunar og fylkeskommunar. Det vert ikkje føreslått lovendringar når det gjeld eigenkontrollen i proposisjonen.  Men eg har bede arbeidsgruppa sjå nærare på om det er trong for mindretalsrettar i kontrollutvalet. Eg har òg bede gruppa sjå på om mindretalet i kommunestyret bør ha fleirtal i kontrollutvalet. Dette mellom anna fordi eg har sett at nokre har reist spørsmål om dette (blant anna enkelte representantar på Stortinget).

Avrunding
Det norske samfunnet står overfor store utfordringar på kort og lang sikt. Vi er ein del av finanskrisa, klimakrisa og matkrisa som påverkar heile kloden.

Her heime er viktige stikkord: arbeidsplassar, busetjing , kamp om areal- og naturressursar, ein god skule og ei verdig omsorg.Lista kan gjerast lenger.  Desse utfordringane kan vi berre løysa saman. Og for å få til gode løysingar, må innbyggjarane ha tillit til kommunen sin.

Tillit er heilt avgjerande.

Det handlar om legitimiteten til fellesskapsløysingane våre. Til kommunane som demokratiske institusjonar. Derfor er kontrollutvala også så viktige, for å sjå til at desse utfordringane vert løyste på ein tillitsvekkjande, god og  kostnadseffektiv måte.

Lukke til men konferansen og viktige oppgåver i tida som kjem!