Historisk arkiv

Kompetansen skal ut i landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Nationen 30.10.2009.

På Dyrøy sit det kvinner og menn som eigentleg arbeidar i Tromsø, 20 mil lenger nord. Det vil seie, dei har teke med seg arbeidet til den vakre øya i Midt-Troms. Dei har fått hjelp av god telekommunikasjon og tilrettelegging i Senja næringshage.

Slik har ulike kompetansemiljø i Tromsø spreidd seg til attraktive småstader. Barnefamiliar og meir etablerte har fått både i pose og sekk. Dei held på eit spanande arbeid, har kontakt med eit større miljø og dei får busetje seg der dei aller helst vil.

Spreie arbeidsplassar
I den nye regjeringserklæringa, Soria Moria 2, slår regjeringa fast at kompetansearbeidsplassar og nye statlige arbeidsplassar skal verte spreidd utover i heile landet. Også nye funksjoner som etablerast som eigne einingar knytt til eksisterande statleg verksemd skal lokaliserast utanfor Oslo. Soria Moria-erklæringa varslar eit systematisk arbeid for å få ei betre geografisk fordeling av kompetansearbeidsplassar.

Dyrøy er eit godt døme på at små stader kan vere del av ein større arbeidsmarknad. Det er viktig fordi mykje av veksten i arbeidsplassar kjem innanfor spesialiserte, kunnskapsintensive bransjar. Desse er i stor grad lokaliserte i byregionar med store arbeidsmarknader og utdanningsinstitusjonar, og særleg i Osloregionen.

Statlege verksemder har dei siste ti-åra effektivisert og samla fagmiljøa sine. Arbeidsplassane er konsentrerte på færre stader. Det har redusert breidde og omfang på arbeidsmarknaden andre stader. Dette gjeld mange typar arbeidsplassar, ikkje berre kunnskapsintensive.

Utdanning må bli fordelt
Samfunnet investerer store summar i høgare utdanning. Vi har fått fleire nye universitet og vi har høgskular med lang tradisjon for utdanning av flinke fagfolk på mange område. Avkastinga av desse investeringane må verte fordelt slik at det kjem heile landet til gode.
Vi veit at mange av dei fagfolka som kjem med vitnemål frå desse og andre utdanningsstader, har eit ønske om å slå rot på ein mindre stad, samstundes som dei får brukt kompetansen sin. Distriktshøgskulane har vore viktige for distrikts-Noreg. Utan desse hadde landet sett annleis ut. Kompetansen er der – men ofte manglar arbeidsplassane.

Noreg har vore gjennom ei omfattande omstilling dei seinare åra. Tradisjonsrik industri over heile landet er bygd ned. Kunnskapsintensiv verksemd rundt Oslofjorden veks. Det er over tid ikkje teke sterke nok politiske grep for å sikre ei spreiing av kompetansearbeidsplassar.

Difor skal vi ha ein brei gjennomgang av kva vilkår som må vere på plass for at ein kommune og ein region skal utvikla miljø der det er naturleg å leggje slike arbeidsplassar. Raskare breiband er viktig. Det er og viktig å ha gode samferdsletilbod, som gjer at ein raskt kan kome seg til hovudstaden eller til utlandet. Også gode tenestetilbod som barnehage og utdanning gir fortrinn.

Kommunale musklar
Eg er oppteken av at kommunane må få fleire og større musklar for å utvikle lokalsamfunna. Kommunane må vere gode partnerar for næringsliv og private aktørar som vil leggje verksemd utanfor dei mest presse områda.

Aktive kommunar er viktig – det viser Dyrøy-eksempelet. Dyrøy kommune har fleire vore kåra til den beste gründerkommunen i Troms. Det er imponerande for ein kommune med vel 1000 innbyggjarar.

Eg ynskjer at folk skal ha valfridom til å velje å busetje seg der dei vil. Valfridom får vi først når spanande kompetansearbeidsplassar finst i heile landet. Det skal vi legge til rette for.