Historisk arkiv

Unyansert om bustadpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Klassekampen 11.08.2010.

- Stadig fleire kommunar skaper løysingar som hjelper dei som slit på bustadmarknaden, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Klassekampen har sett søkjelys på bustadmarknaden og bustadpolitikken.

Mellom anna hevdar forskar Mary Ann Stamsø at berre dei som har flaks eller rike foreldre klarar seg i bustadmarknaden, medan fleirtalet heng etter. Dette er eit skeivt og lite nyansert bilete av situasjonen.

Skal kunne eige bustad
I Noreg eig åtte av ti bustaden sin. Regjeringa har som mål at flest muleg av dei som ynskjer det skal kunne eige sin eigen heim. Det kan gje tryggleik for den einskilde, og eit høve til å spare i eigen bustad og ta del i verdistiginga på bustader.

Unge blir bustadeigarar
Det kan vere krevjande for unge å etablere seg på bustadmarknaden. Likevel ser det ut til at unge etablerer seg som bustadeigarar i like stor grad som tidlegare. Levekårsundersøkingar tyder på dette.

Sjølv om dette er positivt, skal vi vere på vakt mot at høg prisvekst kan innebere at fleire får problem med bustadetablering og høg gjeld.

Startlån verkar
Startlån har vist seg å vere eit godt verkemiddel for at fleire kan kjøpe sin eigen bustad. Husbanken tildeler lånemidlar til kommunane, som forvaltar ordninga. Startlånet er for dei som ikkje får lån eller får dårlege lånevilkår i vanlege banker, men som kan betale ned eit lån.

1 864 personar har fått utbetalt startlån pr. 1. juni 2010, ei auke på 34 prosent samanlikna med tilsvarande tal for 2009. Husbanken melder om at utviklinga held fram. Eit godt eksempel er Oslo kommune, som har auka låneopptaket med 50 prosent dei to siste åra.

Kommunale utleigebustader
Ikkje alle kan eller vil eige sin eigen bustad. Difor treng vi både den private og kommunale leigemarknaden, og vi må sjå det bustadsosiale arbeidet i samanheng med anna oppfølging av den einskilde.

Kommunale utleigebustader er eit av fleire viktige verkemiddel. Mange kommunar slit med for få og dårlege utleigebustader til vanskelegstilte. Difor har regjeringa fleire gonger sikra ekstra midlar for å auke talet på kommunale utleigebustader.

I 2009 kunne Husbanken gje tilskot til heile 2440 utleigebustader, mot 1000 året før. Ein stadig høgare del av tilskota går til personar som treng oppfølgingstenester. Dette gjeld særleg personar med rus- og/eller psykiatriproblem. Etter auka etterspurnad, blei løyvingane auka i revidert budsjett. I år er det sett av 400 millionar kroner til ordninga.

Betre bustøtte
I 2009 gjennomførte regjeringa eit historisk løft for den bustadsosiale politikken då bustøtteordninga blei utvida. I år er det sett av 3,6 milliardar kroner, nesten ein milliard meir enn i 2009. Bustøtta går til husstandar med svært låge inntekter og høge buutgifter. Det gjer støtta til eit effektivt og ubyråkratisk verkemiddel mot fattigdom.

Bustadpolitikk for framtida
Stadig fleire kommunar skaper løysingar som hjelper dei som slit på bustadmarknaden. For staten er Husbanken det viktigaste verkty for å støtte arbeidet til kommunane.

Sjølv om vi har verkemiddel, kunnskap og løysingar på desse, treng vi likevel ein debatt om den sosiale bustadpolitikken. Difor har regjeringa sett ned eit utval som skal gje tilrådingar på korleis sentrale oppgåver i den sosiale bustadpolitikken kan møtast.

Eg har store forventningar til kva det breitt samansette utvalet vil leggje fram i juni 2011.