Historisk arkiv

Ein heilskapleg bygningspolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg på Byggedagene 23. mars 2011

Innlegg på Byggedagene 23. mars 2011.

La meg fyrst takke for invitasjonen til å kome hit og leggje fram nokre tankar for ei av dei viktigaste forsamlingane i norsk byggjenæring.

Eg var på Byggjedagane i fjor. Då snakka eg morgonen etter banketten.
I dag ser de noko meir vakne og forventningsfulle ut.

Det er bra. Me treng vere opplagte for å ta tak i dei krava som vil bli stilte til byggjenæringa.

Dette blir eit sentralt tema i stortingsmeldinga om bygningspolitikken som eg annonserte her i fjor. Som dykk veit, så skal den leggjast fram for Stortinget seinhaustes.

Konklusjonane i meldinga blir først klare i vekene før. 
Nokre tankar om innhaldet skal de likevel få.

Ein framtidsretta bygningspolitikk
Dei bygga me set opp skal tene mange føremål. Dei skal dekke ulike behov og preferansar. Desse skiftar over tid, mange av dei med kortare tidsintervall enn levetida til eit bygg.

Me veit at dei bygga me set opp i dag vil forme det bygde miljø og påverke generasjonar etter oss.

Me har lett for å sjå på bygg som noko statisk, og at den samla bygningsmassen endrar seg sakte med nybyggingstakta.

Det er ikkje slik me bør sjå det.

Ein samla bygningsmasse skal ei kvar tid dekkje dei samla behova så effektivt som muleg.

Dette er utgangspunktet for ein framtidsretta bygningspolitikk.

Det kan ikkje gjerast ved einsidig merksemd på nybygging - slik me har hatt tradisjon for.

Politikken må omfatte den samla utviklinga av heile byggmassen.

Viktige trendar
Å ta høgde for at preferansane vil endre seg over generasjonar er sjølvsagt lettare sagt enn gjort.

Men nokre utviklingstrekk kjenner me. Dei kan hjelpe oss eit stykke på veg.

Demografi
Endring i folkesetnaden trakk eg fram også for eit år sidan. Det er framleis eit viktig poeng. Ifylgje SSB vil folketalet auke frå 4,9 millionar i 2011 til 5,8 millionar i 2030 (+18%) og til ca 7 millionar i 2060 (+43%).

Mykje av veksten vil truleg kome i dei store byane og omlandskommunane.
Talet på personar over 67 år vil auke frå vel 600.000 i 2011 til nesten 1,1 millionar i 2030 (+70%).

Auken i talet på personar over 80 år vil vere enda større. 

Det er ikkje tvil om at byggjevolumet i åra som kjem må vere høgt.

Like sikkert er det at bygningsmassen og omgjevnadene må vere universelt utforma.

Som gamle, anten me har svekka mobilitet eller ikkje, skal me kunne bu heime lengst muleg. Det er difor me i Senterpartiet går inn for å doble satsinga på tilretteleggjing i heimane i statsbudsjettet for neste år.  

Eit anna utviklingstrekk er å gjere det enklare å vere forbrukar i møte med det offentlege byråkratiet.

Våtrom
Dei nye byggjereglane har no verka ei stund. Mykje har vore bra for å få redusert talet på byggjefeil og sikre betre kvalitet.

Samstundes ser me at det har blitt for mykje byråkrati i små byggjesaker.

Det er særleg krav om å nytte ansvarlege føretak ved arbeid på våtrom som har generert meir byråkrati og sakshandsaming.

Det skal på ingen måte lønne seg å gjere slett arbeid.

Men eg er ikkje nøgd med eit system som trass gode føremål blir ei barriere for næringa og som blir oppfatta som urimeleg hjå folk flest.

Difor varsla eg sist fredag ei endring i reglane knytt til søknadsplikt for våtromsarbeid i eksisterande bygg.

Intensjonen er klar. No arbeider me med den konkrete utforminga.

Så langt ser me for oss to hovudalternativ.

Det eine er ei meldeplikt utan krav om ansvarleg føretak.

Det andre alternativet er å unnta våtromsarbeid i eksisterande bygg frå krav om søknad og melding.

Ei slik forenkling vil krevje endring av føresegnene.

Eg vil setje alt inn på å ha eit forslag klart til høyringsrunde etter påske.

Målet er at dei nye reglane skal gjelde frå seinsommaren.

I mellomtida kan dei som skal byggje om bad søke ansvarsrett som sjølvbyggar.

Det tyder altså at dei sjølve står ansvarlege for kvaliteten på arbeidet.

Eg vil samstundes ha ein gjennomgang av korleis kommunane fastset gebyr.

Kommunane har ikkje mulegheit til å ta meir i gebyr enn kva det kostar å handsame søknaden.

Difor er det vanskeleg å forstå at det skal vere så stor skilnad i gebyret for å få handsama ein søknad om oppføring av ein einebustad.

IKT i byggsektoren
Me er berre i startfasen når det gjeld bruk av IKT i byggeverksemda, ein tredje trend.

På nokre område er me likevel langt framme internasjonalt.

Full digitalisering av byggesaksprosessen er eit realistisk mål, likeins i samband med anbod og kjøp av varer og tenester.

Mange nyttar digitale verktøy til enkeltoperasjonar, til dømes til teikning og berekningar.

Bruk av IKT til å oppnå betre samhandling i byggeprosessen er ikkje på same måten utbreidd.

Dette er ein mulegheit me saman – styresmakter og næring - må utnytte langt betre.

I eit land der snart alle har ein smarttelefon og er ”på nett” mesteparten av døgnet, bør me ha store mulegheiter til å bli leiande i bruk av IKT i sektoren.

Krav om berekraft
Miljø er det siste utviklingstrekket eg vil nemne.

Me har i fleire år arbeid med miljøutfordringane.

KRD sin fyrste miljøhandlingsplan kom for vel 10 år sidan.

Men det er dei seinare åra at miljøperspektivet har fått brei merksemd sektoren -  fyrst og fremst knytt til energieffektivisering.

Sektoren har store miljøkonsekvensar. Krava til at det blir produsert meir varige byggverk med minst mulig miljømessig fotavtrykk vil auke.

Lokalisering, biologisk mangfald, godt inneklima, mindre bruk av ressursar og minimering av avfall vil vere viktige tema.

Ikkje minst kan me sjå for oss auka krav til livssyklusvurderingar og eit vogge-til-grav-perspektiv på bygg.

Krav om berekraft er ikkje berre knytt til miljø. Også sosiale, kulturelle og økonomiske konsekvensar skal veie med i vurderingane.

Berekraftig bygging må leggje vekt på bruksmessige, estetiske og kulturelle kvalitetar – ho må vere kostnadseffektiv og altså gje minst mulege miljøkonsekvensar.

Det er slike bygg me som vil vere bygg for det 21. hundreåret.

Innspel
Me inviterte til innspel til stortingsmeldinga, og me har fått mange. 
Tusen takk til dykk alle.

Me har fått både tung argumentasjon og eit hundretals forslag til tiltak.

Skal me oppsummere hovudtyngda av innspela, kan det gjerast med tre stikkord:

  • Energieffektivisering
  • Kompetanse
  • Det offentlege si rolle (på godt og vondt)

Me blei ikkje direkte overraska over at nett desse områda blei framheva i majoriteten av innspela.

Me er heller ikkje overraska over at innspela sprikar om kva som skal vere bodskap i meldinga.

Likevel vil eg seie at semje er meir framtredande enn ulike oppfatningar. 

Eg skal ikkje utelukke at BAE-rådet  (Bygg, Anlegg, Eigedom) sin innsats kan vere ein årsak.

Det er berre ei veke sidan me sist hadde ei utveksling av synspunkt med den gruppa BAE-rådet har hatt i sving for å gje innspel.

Det er når næring og styresmakter kan ha ein konstruktiv dialog at resultata blir best. Meldinga vil bli betre og – det viktigaste – me har betre utgangspunkt for setje politikken ut live etterpå.

Styrka samarbeid
Me har lang tradisjon for samarbeid mellom næring og styresmakter. Formane har variert over tid. Med dei store utfordringane me står overfor kan det vere på tide å sjå på samarbeidsformane med nye auge.

I samband med Byggekostnadsprogrammet foreslo næringa å opprette eit FoU-senter.

Det låg mykje bra i innspelet. Men det var kanskje noko einsidig oppteken av forsking og utvikling, og basert på ein modell som gjorde grensedraginga mellom styresmakt og næring uklår.

Forsking, utvikling og innovasjon er sjølvsagt element som må med i ein framtidsretta bygningspolitikk.

Men endå viktigare:
Det me allereie veit må takast i bruk i praktisk bygging og i drifting av bygga.

Teori og kunnskap må bli omsett i praksis.

Det er dette som er det mest utfordrande.

Skal me lukkast med dei måla me sett oss, krev det innsats frå styresmakter og frå næringa.

Eg vurderer difor å invitere dykk som representantar frå næringa inn i eit nytt samarbeid med oss.

Det bør ha eit perspektiv fram mot 2020.

Gjennom kompetanseheving og betre gjennomføring skal det gje oss den kvaliteten på bygga som framtida krev.

Bygg 21” kan vere eit passande namn på satsinga.

Bygg 21 er eit av tiltaka eg vil omtale i stortingsmeldinga.

Me er sjølvsagt opne for innspel – både fram mot meldinga og etterpå.

Samordning og felles løft for betre kvalitet og produktivitet er føremålet. Det skal ikkje skje berre mellom næring og styresmakter, men også mellom dei mange offentlege etatane som er viktige for utviklinga i sektoren.

Eg ser for meg at me må lage ein fastare samarbeidsarena for dette, eit ”råd” som tek for seg viktig tema – til dømes

  • ein samla FoU-strategi for byggjesektoren
  • gjere opplæring i byggjefag meir relevant for dei framtidige utfordringane
  • auke bruk av lærlingar i næringa
  • systematisering og betre samordning av vidareutdanning og kurs
  • meir effektiv informasjons- og kompetansespreiing til alle grupper, ikkje minst dei som etterspør byggjetenester 

Eg vil leggje opp til at Statens bygningstekniske etat skal bli eit aktivt sekretariat for Bygg 21. Slik vil etaten få ein meir sentral rolle i utøvinga av ein meir heilskapeleg og framtidsretta  bygningspolitikk.

Eg vonar initiativet kan bli ein viktig arena for gjennomføring av dei måla som me vil presentere i den komande stortingsmeldinga.
 
Innanfor Bygg 21-ramma skal me sameine krefter og sikre samfunnet gode og varige bygg.

Til lukke med Byggjedagane 2011.