Historisk arkiv

Foredrag for Nordic Green Building Councils Conference 9. februar 2012

Me treng miljøgode bygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kjære konferansedeltakarar! Det er ei glede for meg å få opne Nordic Green Building Councils Conference. Velkomen til gjestene frå våre nordiske granneland. Konferansen skal haldast her i det fyrste hotellet i Noreg som er sertifisert etter BREEAM Bespoke. Hotellet har oppnått karakteren «very good». Eg reknar med at val av konferansestad ikkje er tilfeldig og gratulerer hotell-leiinga som valde å sertifisere hotellet.

Kjære konferansedeltakarar!

Det er ei glede for meg å få opne Nordic Green Building Councils Conference.
Velkomen til gjestene frå våre nordiske granneland.

Konferansen skal haldast her i det fyrste hotellet i Noreg som er sertifisert etter BREEAM Bespoke.
Hotellet har oppnått karakteren «very good».
Eg reknar med at val av konferansestad ikkje er tilfeldig og gratulerer hotell-leiinga som valde å sertifisere hotellet.

Eg håper at sertifiseringa gjer at fleire andre konferansar set krav til konferansestad.

Tema på konferansen er korleis me skal oppnå miljøgode kvalitetar i bygg - eit viktig og utfordrande emne.  Alle nordiske landa er representerte her.
De vil desse dagane få mange eksempel på kva som er gjort .

Eg håper utvekslinga av erfaringar vil gi oss enda betre og meir miljøgode bygg i Norden.

Næringa i front
I Noreg var det byggjenæringa sjølv som tok initiativ til å utvikle ein metode for å sertifisere miljøpåverknaden frå ulike bygg.
Arbeidet med å tilpasse BREEAM til norske forhold har vore eit stort dugnadsarbeid, drive fram av byggjenæringa.
Eg er stolt over at me har ei byggjenæring som har utvikla eit tilpassa system av BREEAM.

Men me må hugse på at dette er berre fyrste steg.
Systemet må kontinuerleg utviklast slik at karakterane i BREEAM NOR blir tilpassa nye krav og utvikling.
Eg håper bygg som blir BREEAM NOR- sertifiserte vil inspirere andre byggeigarar og byggherrar, slik at dei byggjer, rehabiliterer og/eller driftar bygg på ein miljøgod måte.

Eg er også spent på korleis bygg som blir sertifiserte etter BREEAM NOR vil sjå ut.
Vil arkitekturen endrast i ei ny spennande retning, vil det blir brukt andre typar materialar?
Vil bruk av helse- og miljøfarlege stoff og energibruk bli redusert i forhold til andre ”vanlege” bygg?
Og vil inneklimaet vere betre i desse bygga?
I løpet av få år vil me få svar.

I tillegg til å utvikle BREEAM NOR har mange gått på kurs for å setje seg inn i kriteria til BREEAM NOR.
Det er ei god utvikling, og eg håper at interessa vil fortsetje.

Eg håper også det vil bli enklare og rimelegare å byggje og drifte bygg.
Dersom me får god kunnskap og betre bygg av å nytte BREEAM NOR-metoden, vil det vere verdifullt når me skal utvikle byggjereglane våre.

Tilgjengelege  bygg
Universell utforming og tilgjengelegheit i bygg er også noko eg er oppteke av. Alle menneske skal kunne bruke bygga våre slik at me blir eit meir ope og inkluderande samfunn.
Me ynskjer at bygga skal vere lagde til rette for at eldre menneske skal kunne bu heime så lenge som mogeleg.

Eg har hørt at BREEAM NOR er blitt utfordra til å inkludere tilgjengelegheit og universell utforming. Dette er eg særs positiv til.

Klimagassutslipp
Det er vanskeleg å snakke om framtidsretta bygg utan å snakke om klimagassutslepp og energibruk.

I Noreg bruker bygg ca. 40 prosent av den stasjonære energien i landet. Heldigvis er mesteparten av energien fornybar.
Men me har klimagassutslepp frå bygg som nyttar olje og gass til oppvarming.
Bruken viser ein minkande tendens, men det er ikkje nok. Derfor vil me i klimameldinga varsle tiltak for å redusere bruk av fossil brensel.

Det er ikkje berre til oppvarming at me har klimagassutslepp frå byggsektoren.
Det er også utslepp frå produksjon av materialar, transport av materialar og under bygging. Samla er desse utsleppa større enn frå bruk av fossil brensel i bygga.

BREEAM NOR gir poeng for å overvake og registrere transport av materialar.
Det fyrste kjøpesenteret i Noreg som vil bli BREEAM-sertifisert, Kremmertorget på Elverum, nyopnar i mars.
Her er det nytta plankar frå Moelv. Det vil seie bruk av både lokal arbeidskraft og kortreiste materialar. Det er god distriktspolitikk samtidig som det gir poeng i BREEAM NOR.

Eg oppmodar alle som skal BREEAM NOR-sertifisere bygga sine til å prøve å score full pott på kortreiste materiale.
Det vil hjelpe oss både til å utvikle norske materialar og norske arbeidsplassar.

Nye løysningar
Mens eg fyrst er inne på Moelv.
Moelven har også gått føre for å lage innovative løysingar og fekk i haust byggjenæringa si innovasjonspris for sine isolerte trestender.
Eg håper at BREEAM NOR vil påverke byggjenæringa i Noreg til å utvikle andre miljøvennlege løysingar.

Sjølv om direkte klimagassutslepp frå bygg i drift i Noreg ikkje er så stor, bruker me til gjengjeld mykje energi i bygga våre.
Nybygg blir regulert av byggjeforskriftene, og som det står i Klimaforliket vil byggjeforskriftene strammast inn.
Det reviderte bygningsdirektivet seier at alle bygg skal byggjast som nesten nullenergibygg i 2020.

Dette kravet oppmodar eg komande BREEAM-sertifiserte bygg allereie no til å oppfylle. Men fyrst må me definere kva som ligg i uttrykket nesten nullenergibygg. Det arbeidet er i gong.

Energibruk i noverande bygg
Me får ikkje ned energibruken i bygg utan å få ned energibruken i noverande bygg.
Tiltak om dette vil bli presenterte i klimameldinga og bygningspolitikkmeldinga. Me har allereie sett i gong arbeid for å sjå om det er muleg å setje komponentkrav ved utskifting av bygningsdelar. Eit slikt krav er innført i Danmark.

Det er berre aktuelt å innføre komponentkrav dersom det er økonomisk lønnsamt.
Komponentkrav for vindauge kan vere eit slikt krav. Det vil altså ikkje vere krav om å skifte vindauge i noverande bygg. Men dersom noverande vindauge skal skiftast ut, kjem det krav som det nye vindauget må oppfylle.

Andre eksempel på bygningsdelar som det kan vere aktuelle å setje komponentkrav til, er dører, vegger, tak, belysning og ventilasjonsanlegg.

Stortingsmelding
Som mange her veit, arbeider eg og departementet med ei stortingsmelding om bygningspolitikk. Det er den fyrste meldinga som blir lagd fram om emnet.
Følgjande tema vil blant anna vere omtalt:
-        Kompetanse og utvikling i byggsektoren
-        Berekraftige kvalitetar i det bygde miljøet eks. arkitektur, klimatilpassing, energi og universell utforming
-        Meir effektive byggjesaksprosessar

Meldinga skal hjelpe byggjenæringa til å bli betre. Me planlegg å halde møte rundt omkring i Noreg for å snakke med næringa og diskutere korleis me saman kan setje i verk tiltaka.

Eit av initiativa i meldinga er programmet «Bygg21».
Eg vil invitere næringa til å delta slik at me saman kan auke kompetansen og gjennomføringsevna for heile byggjekjeda.
Målet er at me skal få gode, miljøvennlege bygg, som er framtidsrette og tilgjengeleg for alle.
Og altså ei byggjenæring med god kompetanse.
Eg gleder meg til å ta fatt på dette arbeidet og håper de gjer det same.

Lukke til med ein spennande konferanse!
Me treng ei næring og eit fagmiljø som tenkjer framover, som driv utvikling og som leverer miljøgode bygg.
Takk for merksemda.