Historisk arkiv

Innlegg sendt lokalaviser

Vekst i alle landsdelar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Me blir stadig fleire i Noreg, veksten kjem i alle fylke og i rekordmange kommunar. Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at auken i folketalet aldri har vore større enn i 2011 målt i talet på menneske.

Me blir stadig fleire i Noreg, veksten kjem i alle fylke og i rekordmange kommunar. Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at auken i folketalet aldri har vore større enn i 2011 målt i talet på menneske. Me må attende til 1920 for å finne ein større auke i prosent.

Kommunevekst
Ikkje nok med det: I fjor hadde 311 av kommunane i Noreg auke i folketalet. Dette er éin kommune meir enn i 2010, men 118 fleire enn i 2006!

SSB har detaljerte historiske oversyn over utviklinga i kvar einskild kommune attende til 1951. Korrigert for talet på kommunar som har eksistert i perioden (frå 744 i 1951 til 429 i dag), har det ikkje i noko år vore fleire kommunar med auke i folketalet enn i 2011.

Utvikling i kommunetypar
Korleis har utviklinga vore i ulike kommunetypar? Me får eit godt inntrykk viss me ser på Kommune-Noreg anno 2011, og samanlikner utviklinga attende i tid med utgangspunkt i den strukturen me har i dag.

Kommunal- og regionaldepartementet har gjort denne øvinga på statistikken attende til midten av 1960-talet, altså etter dei fleste av kommuneendringane i kjølvatnet av Schei-komiteen.

Tala viser tydeleg at veksten som kjent har vore sterkast i dei mest sentrale stroka i det meste av perioden. Denne sentraliseringa synleggjer behovet for ein aktiv distriktspolitikk.

I dei aller minst sentrale kommunane i Noreg i 2011, har det berre vore ein samla auke i folketalet i fire år i perioden 1966–2011. Fyrste gong var i 1980. Dei tre neste er 2009, 2010 og 2011. Dette gler ei kommunal- og regionalminister med hjarte for både storby og småsamfunn!

Arbeidsinnvandring
Det er den historisk høge arbeidsinnvandringa som forklarer det meste av den gode utviklinga dei siste åra. Årsaka til dette er sjølvsagt at me har ein god arbeidsmarknad i alle delar av landet.

Samstundes kjem ein ikkje unna at mange kommunar – og særleg blant dei minst sentrale – har særskilte utfordringar. Aldrande folkesetnad og dimed reduserte fødselstal er velkjende døme på dette.  For mange kommunar slit òg med stor innanlandsk utflytting, sjølv om innvandringa frå utlandet kan vere stor.

Flytting i fleire retningar
Men bildet av ei massiv sentralisering der flyttebilane står i kø inn mot byane frå distrikta er samstundes feil. Bildet er meir nyansert, overraskande mange bilar går andre vegen. Flyttinga går aldri i berre éi retning. Sjølv om ein kommune har raude, netto flyttetal, er ofte bruttoflyttinga inn jamstor med flyttinga ut. Det er viktig å sjå bak nettotala. Me må vere meir oppteken av tilflyttarane enn dei som flyttar.

Eg har von om at det gjennom særskilt og målretta innsats skal vere muleg å skape vekst i folketalet i fleire av distriktskommunane våre. Eg trur dei kommunane som møter sine tilflyttarar offensivt, raust og aktivt vil stå igjen som vinnarar.