Historisk arkiv

Passivhuskonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tale ved opninga av konferansen ”Passivhus Norden 2008” 02.04.08 på Radisson SAS Royal Garden Hotel, Trondheim.

Tale ved opninga av konferansen ”Passivhus Norden 2008” 02.04.08 på Radisson SAS Royal Garden Hotel, Trondheim.

“Passivhus Norden 2008” er den første i ein nordisk serie av konferansar om passivhus. Slik sett er det ein merkestein: Byrjinga på noko viktig – og eit teikn i tida. Spesielt land som Austerrike og Tyskland har kome langt, Sverige også. Denne samlinga ber bod om at dette er i ferd med å bli eit nordisk fenomen i tillegg.

Mange her har kanskje eit forhold til forfattaren Kjartan Fløgstad, også han frå Rogaland.

For 30 år sidan fekk han Nordisk råds litteraturpris for romanen Dalen Portland. Ei ”scene” i den boka handlar om ein arbeidar som – og no siterer eg etter minnet – sit og bankar for å høyra etter holrom i språket.

Det er ikkje lett. Fordi språk først og fremst inneheld kunnskap. Visdom. Overlevert erfaring gjennom tid.

Blant anna om hus og heim. Om det å bu, rett og slett. Tenk berre på uttrykket “borte bra, heime best.”: Folk flest har eit nær sagt inderleg forhold til heimane sine, til husa sine.

Nett som i språket inneheld også hus, bygningar og arkitektur kunnskap, visdom og erfaringar. Ikkje minst er dette viktig: Byggjeskikk speglar ikkje berre tida, men landskap, vêr og vind. Byggjeskikk representerer slik sett også svar på utfordringar og folk sine behov. Eit handfast døme: Dei gamle bryggjene som ligg langsmed elva her, ser ut som dei gjer, og vart bygde som dei er, for å vera funksjonelle handelshus og lager i gamle dagar. Eldre hus og heimar på det vêrharde Stadlandet, lengst vest i Noreg, er på si side utforma for å stå oppreiste og robuste gjennom orkanar.

Alt dette – vêr og vind, lokale forhold og utfordringar – gjeld også i dag. Dette er framleis forhold som er og bør vera relevante for byggjeskikk, arkitektur – og for ein moderne bustad- og bygningspolitikk.  

Den raude tråden gjennom denne konferansen er at vi i dag står overfor andre utfordringar og kan henda andre vêrforhold i framtida. Politikken må ta inn over seg dette. Og byggjeskikken, hus og bygningar må spegla dette. Lett pompøst handlar det om å gå inn i si tid. Nettopp det meiner eg at denne konferansen er eit lysande eksempel på.

Kva er utfordringane? Korleis kan vi møta dei? Kva kan de medverka til og gjera Dette er store spørsmål – men vi kjem langt med korte svar.

Mange teikn i tida tyder på at klimaet ikkje berre endrar seg, men at endringane òg er menneskeskapte. Difor er fleire enn før opptekne av miljøspørsmål, difor er også miljøpolitikken for alvor i ferd med å bli meir offensiv. Både internasjonalt (til dømes i EU) og her i Noreg.

EU har ambisiøse energi- og klimamål. I mars 2007 vart medlemslanda samde om at klimautsleppa i 2020 skal vera 20 prosent lågare enn i 1990. I tillegg tek EU-landa sikte på å spara 20 prosent energi, og etterstreva 20 prosent fornybar energi i energimiksen (mot 8,5 i dag)  – alt innan 2020.

Den norske politikken er også ambisiøs: I Soria Moria-erklæringa seier regjeringa at Noreg skal vera ein miljøvenleg energinasjon og eit føregangsland i miljøpolitikken. Dette inneber mellom anna mål om redusert energibruk og satsing på auka bruk av fornybare energikjelder.

I 2007 la regjeringa fram ei klimamelding for Stortinget. No i januar vart det inngått eit klimaforlik mellom regjeringspartia og tre av dei fire opposisjonspartia på Stortinget. Ein kjerne i dette forliket er semje om at Noreg innan 2020 skal redusera dei globale klimagassutsleppa tilsvarande 30 prosent av Noreg sine utslepp.

Både her og i EU er det brei politisk semje om å vera meir enn føre var: Vi skal kvar for oss, og på tvers av land, medverka til løysing på eit internasjonalt problem ved å redusera utslepp av klimagassar.

Vi møter også dei miljøpolitiske utfordringane bokstavleg talt nede på bakken. Her er det passivhusa kjem inn i biletet for alvor.

40 prosent av energibruken i samfunnet skjer i hus og heimar, i offentlege og private bygg. Dette er norske tal, men dette kan òg gje ein peikepinn om stoda i andre land. Poenget er dette: Andre hus, nye byggjeskikkar, moderne arkitektur har ei viktig miljøpolitisk rolle å spela. Det gjeld ikkje minst passivhus, som i gjennomsnitt har eit energibehov tilsvarande 25 prosent av dagens vanlege nivå.

Miljøpolitikken har også teke dette inn over seg. Ein del av klimaforliket på Stortinget gjeld nett passivhus: Det er semje om at røynslene med passivhus skal fylgjast opp, og at det skal vurderast å innføra krav om passiv husstandard for alle nybygg innan 2020.

Sett at dette skjer på sikt, at ord vert røyndom: Då vil vi i Noreg ha redusert den årlege bruken av energi tilsvarande fleire gasskraftverk som det på Kårstø. Slike endringar er ikkje utan kostnader. Passivhus kostar meir enn vanlege hus – på kort sikt. Poenget er at passivhus inneber aktiv endring. Av samfunnet, av klimapolitikken, av måten å tenkja på: Tilsynelatande små tiltak – hus for hus – kan summera seg opp og bli grunnleggjande.

Men dette er ikkje berre miljøpolitikk, det er i høgste grad også kommunal- og bustadpolitikk: Eg er oppteken av at kommunane skal leggja til rette for passivhus. Per i dag er det ikkje store behov for at passivhus treng særbehandling i regelverket, men dette må vurderast når satsinga på slike hus aukar og byggjeteknologien utviklar seg. Det siste er viktig, for i dag er det snakk om ein ny byggjeteknologi: Alle ledd, både bygningsbransjen, forvaltninga og politikarar, treng tid for å skaffa seg kunnskap.

Denne konferansen handlar også om dette, om søking etter kunnskap, men òg om vilje til ansvar og evne til endring. De som er her, er viktige i så måte. Diskusjonane her i dag og i morgon, og emna som skal drøftast, kastar kvar for seg ljos over korleis vi kan koma vidare på vegen mot eit meir berekraftig samfunn. Denne konferansen er på sett og vis eit stort torg; ein møteplass for utveksling av erfaringar og med rike moglegheiter for læring. Konkret kunnskap som kan og vil føra til handfast endring.

Vi er inne i ein pionerfase, meiner eg. Dette er ikkje berre den første konferansen i sitt slag. Vi har heller ikkje mange døme på passivhus her i Noreg enno. På same tid er det som skjer i Trondheim over desse dagane ein del av eit større bilete og heilskap. Regjeringa og styresmaktene gjer mykje som trekkjer i same retning som passivhusa peikar. 

Lat meg vera både raskt oppsummerande og veldig konkret:

Husbanken er ein sentral pådrivar for ein meir miljøvennleg bustadsektor. Husbanken sin styrke ligg i å vera kompetanseorgan og samarbeidspartnar, ved sida av å gje støtte til utviklingsprosjekt og til gode eksempel. 

Vi har alt viktige erfaringar med lågenergibustader, og får stadig fleire: I 2005 hadde Husbanken støtta om lag 3000 lågenergibustader. I fjor var talet oppe i 10 000. Husby Amfi på Stjørdal var eit av Noregs første store lågenergiprosjekt som Husbanken støtta. Bustadene var klare til innflytting i oktober 2005. Dei som bur i bustadene er stort sett veldig fornøgde med både komfort og inneklima. Lågenergiprosjektet er ein suksess.

Og apropos dagens tema: Husbanken har òg støtta passivhus-prosjektet Nor-One Plus, som ligg på Sørumsand utanfor Oslo. Dette er enn så lenge eit få slike prosjekt i Noreg. Men det har òg gjeve betre innsikt i kva passivbustader dreier seg om, og om kva moglegheiter som ligg i slike prosjekt.

Nybygginga utgjer berre ei liten del av den totale bygningsmassen. Det store energipotensialet ligg sjølvsagt i eksisterande bygg. Difor er Husbanken sitt arbeid med og støtte til prosjektet Eksbo, som har fokus på kostnadseffektiv fornying av eksisterande bustader, så viktig. Eksbo er ein del av eit internasjonalt prosjekt. Målet er utvikling og gjennombrot for kostnadseffektive energipakkar for eksisterande bustader.

Dessutan: I februar 2007 kom det nye energikrav i byggjeforskrifta. Dei nye krava er 25 prosent strengare enn dei gamle. Det vart også innført krav om at minimum 40 prosent av energibehovet i nybygg skal dekkast av fornybare energikjelder. Samstundes vart det signalisert at denne regelskjerpinga berre var eit første steg. Nye energikrav vil koma minst kvart femte år.

Som kommunalminister er òg eg oppteken av at kommunane skal ha gode føresetnader for å driva ressurseffektiv og miljøvennleg forvalting av eigne bygg. Ifølgje Enova bruker kommunane ca. 4 milliardar kroner til energibruk i eigen bygningsmasse kvart år. Kommunane kan spara ein halv milliard kr årleg på energiøkonomiserande tiltak i eigne bygg.

I tillegg lanserte Kommunal- og regionaldepartementet i fjor, i lag med Miljøverndepartementet, Olje- og energi-departementet og KS, programmet Grøne energikommunar. Dette skal gå fram 2010, og får 30 millionar kroner i finansieringsstøtte til etablering av kommunenettverk.

Re kommune er med i prosjektet Grøne energikommunar. Kommunen laga eigen energiplan allereie i 2001. Sidan då har målretta arbeid og oppfølging av planen ført til 10 prosent redusert energibruk totalt i kommunen. I kommunale bygg er det oppnådd ein energireduksjon på 15 prosent. I tillegg er over 20 prosent av stasjonært energiforbruk i kommunen dekt av bioenergi.

Dagens vertskommune er òg ein av dei grøne energikommunane. Trondheim har sett seg ambisiøse mål: redusera energibruken i eksisterande bygg, setja energikrav til nybygg i kommunen, leggja om til vassboren varme og utvida fjernvarmetilbodet. Kommunen har utfyllande nettsider om klima og energi. Dette er både lovande, lærerikt og inspirerande. Ved å omtala Trondheim er eg på sett og vis tilbake til der eg starta, og eg skal straks runda av.

Historisk sett har Trondheim både vore hovudstad, religiøst senter og jamvel det pengepolitiske midtpunktet i Noreg: Sentralbanken hadde hovudsetet sitt her frå byrjinga i 1816 og fram til 1897, berre nokre hundre meter unna oss. I dag er byen vert for denne konferansen: Hovudsetet for ein viktig, lærerik og engasjerande konferanse! Byen lever opp til si historisk rolle, med andre ord.

Lukke til med eit viktig og framtidsretta arbeid. Takk for meg!