Regionalnytt nr. 1 2010 - Temanummer om inkludering av tilflyttarar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 29.01.2010
Nyheitsbrev om distrikts- og regionalpolitikken
-
Navarsete set fokus på innvandrarar i distriktspolitikken
-
Utlysing av midler til Bolyst
-
Vegårshei - Levande og inkluderande - også for flyktningar
-
Brett samarbeid om inkludering i Distrikts-Norge
-
Trong for arbeidskraft skaper inkluderingsinnsats
-
Utval skal greie ut om kompetansearbeidsplassar til heile landet
-
Nytt frå forsking
-
Hva skjer?

Navarsete set fokus på innvandrarar i distriktspolitikken
- Kommunane treng gode planar for korleis dei skal ta i mot dei som kjem flyttande, slik at dei kjenner seg sette. Dette understreka kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i samband med Nordlandskonferansen 2010.
Fleirulturell verdiskaping På Nordlandskonferansen i Bodø 20. januar, sa statsråden at tala fortel oss at innvandrarar er viktig for auken i folketalet i Distrikts-Noreg. Innflyttingsoverskotet frå utlandet dei 3 første kvartala i 2009 stod for om lag 60 prosent av folkeveksten. Det førte til at talet på kommunar med vekst i folketalet vart 293 i staden for 184, som det hadde vore utan dette overskotet. Navarsete framheva prosjektet RISKIT i Lofoten, som eitt døme på godt arbeid med inkludering. Dette prosjektet har ført til at 14 tilflyttarkvinner har starta eigne næringsverksemder og ser ut til å bli verande i Lofoten.
Hovudmåla med prosjektet RISKIT er inkludering, rekruttering, fleirkulturell verdiskaping og å vere eit ressurssenter for kvinner frå ulike land. Individuell oppfølging etter behov og nettverkskredittgrupper er blant tiltaka i prosjektet. Kvinner, uansett etnisk tilhøyrsle, skal trivast i Lofoten.
Handlar om medvit
– Dette handlar mest om metode, og mindre om pengar. Eg trur det handlar mykje om å skape medvit, laga planar på korleis ein skal ta imot dei som flyttar til, og følgje desse opp slik at tilflyttarane føler at dei blir sett. Ein av deltakarane i Lofotenprosjektet sa nemlig det, at eg føler meg sett som innbyggar i kommunen, seier kommunal- og regionalministeren.
- Talen til statsråden på Nordlandskonferansen
- Meir om RISKIT og andre inkluderingsprosjekt i rapporten ”Identifisering av prosjekter med formål å få tilflyttere til å trives og bli værende på et sted”, utført av Rambøll Management Consulting.
- Statistisk sentralbyrå sin rapport, ”Innvandrere i norske kommuner”.
- Om attraktive lokalsamfunn og innvandrarar som målgruppe i stortingsmelding nr. 25 Lokal vekstkraft og framtidstru
____________________________________________________________________________________
Utlysning av midlar til Bulyst: kultur, attraktivitet og stadutvikling
Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) lyser ut inntil 32 millionar kroner til prosjekt som kan skape bulyst i kommunar.
KRD ønskjer å utvikle ny kunnskap om korleis norske distriktskommunar kan verte meir attraktive for busetting. Departementet lyser derfor ut inntil 32 millionar kroner til den nye bulystsatsinga i 2010.
Departementet ønskjer kreative forslag til korleis norske distriktskommunar kan verte meir attraktive å bu i og flytte til. Eit mål i distriktspolitikken er å gje folk reell valfridom til å busette seg der dei vil. Gjennom Bulyst vil vi utvikle ny kunnskap om korleis vi betre kan jobbe mot dette målet.
I 2010 vert det ei felles utlysing av midlar både til den nye bulystsatsinga og til satsinga på kulturbasert stad- og næringsutvikling som har eksistert i fleire år. Dette er tema som heng nøye saman. Kultur er viktig for å skape bulyst meiner KRD.
Departementet ønskjer seg ulike forslag til tema og innretning. Dei vil vurdere den lokale forankringa nøye. For at denne type utviklingsarbeid skal verte vellukka, er det avgjerande at lokale bidragsytarar har tru på pilotprosjekta og støttar opp kring dei.
- Søknadsfristen er 3. mai 2010. Les heile utlysningsteksten her.
____________________________________________________________________________________
Vegårshei – levande og inkluderande – også for flyktningar
I mange år opplevde Vegårshei det same som så mange andre småkommunar rundt om i landet; flyktningane vart ikkje verande i det vesle samfunnet. Dette er no snudd på hovudet.
- Vegårshei har busett flyktningar i 20 år, men dei første 10 åra var sekundærflytting eit stort problem, fortel einingsleiar for flyktningtenester, Kjetil Torp.
Ny strategi snudde trend
I 2000 valde kommunen ein ny strategi for å få flyktningar til å etablere seg.
- Vi satsa på bustad og arbeid, i tillegg til tilsetjing av flyktningkonsulent i full stilling. Dette gir resultat. 70 av 95 flyktningar har blitt ein integrert del av dei 1880 innbyggjarane i kommunen, seier Torp.
”Vegårshei-modellen”
- Aktiv satsing for at flyktningar skal eige sin eigen bustad, få opplæring for arbeidslivet og at dei skal bli økonomisk uavhengige, har ført til at det er lite flytting ut av kommunen, fortel Torp. Han syner til godt samarbeid mellom kommunen, IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) og Husbanken i det som blir kalla ”Vegårshei-modellen”.
Bustad og arbeid betyr alt
- Modellen blir brukt som eksempel på vellukka integrering. Det er etablert eit eige prosjekt som har som føremål å formidle dei gode erfaringar vi har, til andre kommunar, seier Torp.
"Vegårshei-modellen" har fokus på potensialet flyktningar har som bustadeigarar, og brukar bustad aktivt i høve til inkludering. 75 prosent av flyktninghusstandane eig i dag sin eigen bustad. - Satsing på bustad og arbeid har betydd alt i Vegårshei!
Frå kritisk debatt til velvilje
- Flyktningar får etableringstilskot og nokre få økonomiske ekstragode i høve til ordinære Vegårsheiingar, men ikkje noko som gir store utslag – korkje i lommeboka eller i høve til misunningsfaktoren, seier Torp.
Han vedgår likevel at det har vore ein del debattar og reaksjonar på at flyktningar som byggjer får lån og tilskot frå Husbanken. Dette resulterte i avisoppslag, men har no roa seg kraftig. Ikkje minst fordi det følgjer klausular om butid og eventuelt tilbakebetaling av tilskot dersom ein flytter før det har gått 20 år.
Flyktningar inn i kommunestyret
- Den jamne Vegårsheiing har no eit positivt forhold til både flyktningar og andre utlendingar. Hovudårsaka er deira store vilje til inkludering og ønske om å klare seg sjølv og bidra lokalt, seier Torp. Han syner til at to av dei fire flyktningane som stod på listene ved det siste kommunevalet, vart valde inn. Dermed kan kommunen skryte av at 10 prosent av representantane har flyktningbakgrunn.
- og elles i lokalsamfunnet
Torp legg ikkje skjul på at utlendingar kanskje ikkje er like organisasjonsglade som nordmenn, men dei er med både som leiarar og deltakarar. Ungane er godt representerte i frivillige aktivitetar.
I arbeidslivet finst utlendingar både i privat og kommunal sektor, primært i dei praktiske eller tenesteytande yrka.
– Vi har relativt få høgt utdanna, og det samsvarar jo godt med tilbodet ein liten distriktskommune kan gi av arbeidsplassar. Mange av flyktningane og utlendingane har ein gründer i seg. Dei kjem med nye idear og impulsar, noko som er av stor verdi for småkommunar som Vegårshei.
Vidopen for fleire flyktningar
- Kommunen har vedtak om busetjing av 30 nye flyktningar i perioden 2009 – 2011, seier han og legg til at trongbudde mellomeuropearar kjem av seg sjølv. Der driv kommunen liten grad av aktiv rekruttering, men informasjon på ulike språk på heimesida signaliserer at dette er ein kommune som er vidopen for nye innbyggjarar med ulike kulturar.
Meir informasjon:
Kontaktperson for ”Enhet for flyktningtjenester”: Enhetsleder Kjetil Torp, Vegårshei kommune. Telefon: 37 17 02 32, e-post: kjetil.torp@vegarshei.kommune.no
_________________________________________________
Brett samarbeid om inkludering i Distrikts-Norge
Kommunal- og regiondepartementet og Distriktssentret skal sammen med utlendingsmyndighetene se på hva som skal til for at innflyttere, og spesielt innflyttere fra utlandet, skal trives og blir værende i kommuner i Distrikts- Norge.
Innvandrere utgjør et stort potensiale for bosetting i mindre kommuner i Norge. To tredjedeler av økning i folketallet i Norge de seneste årene består av innvandrere, men disse gruppene bosetter seg mest i storbyregionene.
Skal vise frem praktiske eksempel
Det er viktig å fremme kunnskap om hvilke faktorer som må til for å inkludere tilflyttere og legge til rette for at tilflytterne blir boende utenfor storbyregionene. I dette arbeidet vil de gode praktiske eksemplene fra kommuner som lykkes i å skape åpne og inkluderende lokalsamfunn å rekruttere og beholde utenlandske arbeidstakere blant innvandrere og bosatte flyktninger stå sentralt.
Før jul 2009 bestilte Distriktssentret en kunnskapsstudie om tilflytting til småsteder og distriktene. Studien er utført av Dag Jørun Lønning fra Nordlandsforskning og Håvard Teigen fra Høgskolen i Lillehammer. I studien vises det til at kommunale tilflyttingsprosjekt i liten grad har fokusert på innvandrere fra land utenfor Europa og bosatte flyktninger som en ressurs i arbeidet med økt tilflytting.
Samarbeid om inkluderingsarbeid
Distriktssentret vil sammen med utlendingsmyndighetene (Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Utlendingsdirektoratet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) bidra med å synliggjøre at tilflyttere utgjør en ressurs som lokalsamfunn bør ta imot og inkludere på en god måte. Dette vil vi gjøre ved å innhente og systematisere den kunnskap som finnes på inkluderingsfeltet og ved å fremme gode eksempler fra kommuner til inspirasjon for andre. I det nye bolystprogrammet til Kommunal- og regionaldepartementet, vil inkluderingsarbeid dessuten være ett av flere tema.
____________________________________________________________________________________
Vekst i næringslivet skapte inkluderingsinnsats
Eit ekspanderande næringsliv som trengte arbeidskraft var viktig for at Verdal og Hjelmeland tok eit solid tak i utfordringa med å inkludere innvandrarar i arbeidsliv og lokalsamfunn.
- Av dei siste 50 som flytte til Hjelmeland, kom 40 frå utlandet. Me er nøydde til å arbeide for at dei skal trivast og bli. Eit lokalsamfunn er som ei verksemd, vi kan ikkje skifte ut personale støtt, seier rådmann i Hjelmeland kommune i Rogaland, Øyvind Bergøy.
Treng innbyggjarar og arbeidskraft
Å halde oppe folketalet og skaffe arbeidskraft til eit ekspansivt næringsliv er grunnlaget for satsinga i Hjelmeland. Blant tiltaka er:
- Tett oppfølging av flyktningar gjennom introduksjonsprogrammet for at alle skal kome i arbeid etter sluttført opplæring.
- Å skaffe bustader og barnehageplass er andre satsingsområde.
- Språkopplæring til alle, også dei som ikkje har krav på det.
Satsinga er godt forankra i kommunen, politisk og administrativt. Den er reflektert både i handlingsplanen og i budsjettet til kommunen.
Krafttak for inkludering i arbeidsliv
Også Verdal i Nord Trøndelag har gjennomført ei spissa satsing overfor utanlandske tilflyttarar. At industrien trengte arbeidskraft var bakgrunnen for prosjektet også i Verdal.
- Arbeidslivet sine representantar må bli høyrde, og norskopplæring må koplast direkte på arbeidsprosessen, seier Toril Sundal Leirset. Ho var prosjektleiar for prosjektet Krafttak for inkludering i Verdal kommune og arbeider no vidare etter same modell i Levanger. Alternative løp i fagopplæringa, opplæring i bedrift og lærarkandidatordning for vaksne innvandrarar er blant verkemidla i modellen. Individuell oppfølging ute på arbeidsplassane er det viktigaste rådet ho har å gi i høve til vellukka inkludering.
- Det er ikkje nokon veg utanom. Vi må bli betre på å inkludere innvandrarar i arbeidslivet, seier Toril Sundal Leirset.
- Meir om prosjekta i Hjelmeland, Verdal og andre prosjekt i fersk rapport
- Sluttrapporten frå Verdalsprosjektet
- Hjelmeland kommune
____________________________________________________________________________________
Utval skal greie ut om kompetansearbeidsplassar til heile landet
Regjeringa sette fredag 22. januar ned eit offentleg utval som skal greie ut tiltak for å spreie kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar over heile landet. Professor Karen Helene Ulltveit Moe skal leie utvalet.
Tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta skal også vurderast.
- Vi må ta heile Noreg i bruk. I Soria Moria II er vi samde om at det er viktig med kompetansearbeidsplassar over heile landet. Statlege verksemder kan bidra til dette. Men det er også viktig å byggje opp under sterke kompetansemiljø i privat sektor gjennom godt samspel mellom private og offentlege aktørar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Vil spreie kompetanse
Navarsete åtvarar mot ei utvikling der kompetansearbeidsplassar hopar seg opp i Oslo og rundt Oslofjorden.
- Det blir fleire med høgare utdanning i byregionane. Vi ser også at det har vore størst vekst i statlege arbeidsplassar her. Gjer vi ikkje noko, vil veksten i arbeidsplassane framover kome i byregionar med store arbeidsmarknader og utdanningsinstitusjonar, særleg i Osloregionen, seier ho.
I mandatet blir utvalet bede om å:
• fremje tiltak for å sikre at kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar blir spreidde over heile landet
• vurdere tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta
• byggje forslaga på kunnskap om korleis slike arbeidsplassar blir lokaliserte, rammevilkår for lokalisering og korleis rekruttering finn stad
• vurdere konsekvensar av tiltaka på arbeidsmarknaden.
- Ved aktivt å leggje til rette for det, kan vi få spreidd slike arbeidsplassar betre enn i dag. Både større byområde utanfor Osloregionen, småbyar og mindre sentra må få sin del av ein slik vekst, seier Navarsete.
Kunnskapsarbeidsplassar
Statsråden vonar at utvalet vil gjere framlegg om tiltak for at desse stadene skal trekkje til seg kunnskapsintensive og spesialiserte arbeidsplassar.
- Det er mange som ønskjer å bu utanfor dei største byane. Difor må vi også leggje til rette for betre spreiing av kompetansearbeidsplassar enn i dag, meiner Statsråden.
Innstilling neste år
Utvalet skal levere si innstilling i februar 2011, og fremje førebels forslag i november 2010.
Desse er med i utvalet:
• Professor Karen Helene Ulltveit-Moe, UiO, Oslo, (leiar)
• Tidlegare stortingsrepresentant Åsa Elvik, Bø i Vesterålen
• Seniorrådgjevar Lillian Hatling, Distriktssenteret, Steinkjer
• Forskingsdirektør Torbjørn Hægeland, SSB, Oslo
• Professor Kjell Gunnar Salvanes, NHH, Bergen
• Regionutviklingsdirektør Jan Per Styve, Hordaland fylkeskommune, Bergen
• Direktør Roar Tobro, Møreforsking, Ålesund.
____________________________________________________________________________________
Nytt fra forskning
Landbruk: Mange unge vil bo utenfor byene. Nesten halvparten av Norges ungdommer anser det som sannsynlig at de bosetter seg utenfor bystrøk. Det viser en ungdomsundersøkelse Sentio Research har utført for Landbruks- og matdepartementet.
____________________________________________________________________________________
Hva skjer?
1) Første utlysning i "Kolarctic ENPI CBC 2007-2013" åpner 11. januar 2010.
2) Konferansen Lokal vekstkraft i Hordaland: LivOGlyst, Kommuneprosjektet og Kom-an, 3. februar, Bergen.
3) Kirkeneskonferansen 2010, 3. - 4. februar, Kirkenes.
Kirkeneskonferansen er et samarbeidsprosjekt mellom Kirkenes Næringshage, Sør-Varanger kommune, Barentssekretariatet og Utenriksdepartementet.
4) Kommuneplankonferansen 2010 13. – 16. februar, Alta.
Temaer for konferansen er Nordområdene: Norge i verden og grenseløse utfordringer med vekt på samarbeidsformer på tvers av nasjonale, regionale eller lokale grenser. Regjeringens stemme, Norden og EU og klimaplanlegging er noe av det konferansen berører.
5) Northern Periphery Programme: "Hvordan søke- seminar", 23. februar, København.
Målet med seminaret er å gi prosjektsøkere hjelp til å utvikle en søknad med høy kvalitet.
6) Regionenes rolle i innovasjon og verdiskapning, 9. mars, Gardermoen.
Forskningsprogrammet Demokrati, styring og regionalitet (DEMOSREG)har i perioden 2006-2010 finansiert en klynge av prosjekter som på ulike måter har forsket på innovasjon i regionalt perspektiv. I denne konferansen presenteres noen av de viktigste funnene fra prosjektene.
7) Nordområdekonferansen for samfunnssikkerhet - Sammen for et trygt og robust samfunn, 11. - 12. mars, Harstad.
8) Regjeringens Kontaktkonferanse, 23. - 24. mars, Drammen.
Tema for konferansen 2010: NTP- prosessen i nytt regime, framtidens landbruks- og matpolitikk, Regional utvikling og kompetansearbeidsplasser, frafall i videregående skole og fagskolene, klima, miljø og regional planlegging samt kultur.Programmet blir offentliggjort i neste nummer av Regionalnytt.
9) Konferanse om stedsutvikling 14. og 15. april 2010, Hønefoss.
Konferanse om stedsutvikling med bærekraft og miljø som sentralt tema. Program kommer senere.
10) SIVA-nett, 27. - 28. april, Oslo.
Tema for samlingen er den globale verdensorden.