Historisk arkiv

Tromsø Living lever på nett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ry: Inspirasjonsside for omdømmearbeid i kommuner og regioner

Gjennom blogging og eit levande nettforum har Norinnova og Norut Tromsø lukkast med å skape eit stort engasjement rundt forstudien Tromsø Living.


Bilete av bloggen til Tromsø Living.


Gjennom blogging og eit levande nettforum har Norinnova og Norut Tromsø lukkast med å skape eit stort engasjement rundt forstudien Tromsø Living.

Målet med Tromsø Living har vore å gi kunnskap om korleis Tromsø-regionen og kunnskapsintensive verksemder i regionen kan tiltrekke seg og halde på viktig kompetanse.
I arbeidet har nettet vore eit nyttig verktøy for innovasjonsverksemda Norinnova og forskingsinstituttet Norut Tromsø.

Kan følgje med
– Ofte gøymer denne type prosjekt seg vekk, og ingen høyrer noko som helst før den dagen prosjektet er avslutta. Vi oppretta difor Tromsø Living-bloggen og inviterte interessentar til å følgje med på korleis forstudien utvikla seg. Samstundes oppmoda vi folk til å bidra gjennom å kommentere innlegg, skrive eigne innlegg og delta på meiningsmålingar, seier prosjektleiar for Tromsø Living, Thomas K. Føre.

Gjennom blogging (biletet) og nettdebattar fekk initiativtakarane mange verdifulle innspel som dei har teke med seg vidare i prosjektet.

– Vi har fått mange forslag om konkrete tiltak som seinare er blitt innarbeidd i både rapporten og i skissa til hovudprosjektet som vi ønskjer å få gjennomført, seier Føre. Han rådar andre til å bruke nettet aktivt når dei jobbar med liknande prosjekt.  – Det gir gode idear, det skapar engasjement og det involverer fleire enn om vi ikkje hadde brukt eit slikt verktøy.

Stor aktivitet
No har Tromsø Living-bloggen passert 120 registrerte medlemmer som kan delta i diskusjonane. Folk frå næringslivet, offentleg sektor og forskings- og utviklingsmiljø utgjer hovudtyngda av medlemmene.
– Responsen har vore god. Vi har hatt alt frå 50 til 500 lesarar på innlegga, og dei er også blitt publiserte på www.nordlyspuls.no. Det er vi nøgde med. Men det vi er aller mest nøgde med er å ha gitt alle ein sjanse til å bidra i diskusjonen rundt Tromsø-regionen sin attraktivitet, seier Føre.

Omdømmebyggjar
Prosjektleiaren legg til at sjølve prosjektet har gitt verdifull innsikt i kva utfordringar Troms-regionen står overfor når dei skal gjere seg attraktive for kunnskapsverksemder og arbeidskraft med høg kompetanse. Han håpar forstudien på sikt kan vere med på å auke Tromsø sitt omdømme.
– Vi har skaffa oss meir kunnskap om kva regionen og verksemdene i området bør gjere for å bli meir attraktive. Vi håpar tiltaka vi føreslår, som til dømes å styrke verksemdene sine evner og vilje til å utøve kunnskapsleiing, på sikt skal bidra til å marknadsføre ”kunnskapsregionen Tromsø”, både nasjonalt og internasjonalt, seier Thomas K. Føre.
– Kva utfordringar er identifiserte i prosjektet?
– Tromsø og nærområda rundt byen har ei høgt utdanna befolkning og ein stor offentleg sektor. Men vi ser at det er ein forholdsvis liten del som arbeider i kunnskapsbedrifter. Den største utfordringa til Tromsø er difor å skape fleire arbeidsplassar og karrieremoglegheiter for høgt utdanna menneske i det kunnskapsintensive næringslivet. Vi må legge ting til rette for å skape vekst i eksisterande verksemder og samstundes auke talet på nyetableringar.

Positive sider
Samstundes har Tromsø Living-prosjektet fått fram mange positive sider ved Tromsø-regionen. Regionen har ei netto befolkningstilvekst, verksemdene er flinke til å legge til rette for fagmiljø, teamarbeid og medverknad i eige arbeid.
– I tillegg bidreg naturgitte kvalitetar, eit kompakt sentrum med korte reiseavstandar, eit godt barnehage-, skule- og helsetilbod og eit variert kultur- og fritidstilbod, til god livskvalitet, seier Føre.
I dag er sjølve forstudien avslutta, men framleis er det stor aktivitet på Tromsø Living-bloggen.
– Det kostar oss ingenting å halde bloggen i live, og det har komme fleire innlegg etter at forstudien blei avslutta. Vi håpar engasjementet held fram, og dersom vi lukkast med å få på plass eit hovudprosjekt som er skissert i rapporten, vil det vere naturleg å halde fram å bruke bloggen aktivt, seier Føre.