Historisk arkiv

Formannskapslovene 175 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Videohelsing i samband med det historiske skriftet om formannskapslovene

Videohelsing i samband med det historiske skriftet om formannskapslovene.

Kjære ordførar/fylkesordførar,

I høve 175-årsjubileet for formannskapslovene, har statsråden i kommunal- og regionaldepartementet Liv Signe Navarsete, engasjert professor Harald Baldersheim til å skrive ei kortfatta og samla historie om vilkåra for det lokale sjølvstyre i dei 175 åra som har gått – og med blikk på det lokale sjølvstyre i dag.

I dag blir det sendt ein pakke i posten med eit eksemplar av det historiske skriftet: Formannskapslovene 175 år. Skiftande vilkår for lokalt sjølvstyre 1837 – 2012 til kvar kommunestyre-/fylkestingsrepresentant. Vi vonar at pakken kjem fram tidsnok til det siste kommunestyre-/fylkestingsmøte før jul slik at du kan dele ut skriftet då. Elles ber vi om at de sender ut eit eksemplar per post til kvar av representantane i kommunen/fylkeskommunen dykkar til jul.

Statsråden har også laga ei eiga helsing på video der ho overrekkjer gåva. 

Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer dykk med dette god jul - og god lesnad!