Historisk arkiv

192 millionar kroner til regional utvikling i seks fylke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet fordeler 192 millionar kroner til Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal og Hedmark fylkeskommunar. Dette er restmidlar frå transportstøtteordninga frå 2006, som skal brukast til regional utvikling.

Kommunal- og regionaldepartementet fordeler 192 millionar kroner til Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal og Hedmark fylkeskommunar. Dette er restmidlar frå transportstøtteordninga frå 2006, som skal brukast til regional utvikling.

I samband med bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift frå og med 2004, blei det oppretta to kompensasjonsordningar. Transportstøtte skulle kompensere for auka transportutgifter for næringslivet. Nye midlar til næringsretta regionalt utviklingsarbeid hadde som mål  å få til ei brei innsats for næringsliv og busetjing i dei områda som ikkje har redusert arbeidsgjevaravgift.   

I 2006 var kostnadsauka berekna til 1,5 milliard kroner. Av dette var det ei løyving på 375 millionar kroner til transportstøtte. Kompensasjon for auka transportutgifter i 2006 er nå utbetalt til næringslivet og summerte seg til 182,4 mill. kroner. Restbeløpet på 192,6 millionar kroner er overført til  næringsretta innsats og fordelt på dei fylka som er omfatta av ordninga med transportstøtte.

- For distrikta har det vore avgjerande viktig at denne regjeringa klarte å få gjeninnført den differensierte arbeidsgjevaravgifta. – Det er eg er særs nøgd med. seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. - For meg ser det ut som fylka brukar pengane på gode tiltak som fremjar næringsutvikling i distrikta.


Følgjande fylke har fått tildelt ytterlegare midlar til regional utvikling:

Hedmark kr. 309 442
Møre og Romsdal kr 29 131 830
Sør-Trøndelag kr. 5 570 578
Nord-Trøndelag kr. 28 145 470
Nordland kr 91 036 662
Troms kr. 38 450 505
SUM kr. 192 644 489

 
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00