Historisk arkiv

49 nye kommunar tekne opp i Kvalitetskommuneprogrammet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

49 nye kommunar vart i dag tekne opp i det treårige Kvalitetskommuneprogrammet. – Innbyggjarane skal sjå resultata av arbeidet i form av betre tenester, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

49 nye kommunar vart i dag tekne opp i det treårige Kvalitetskommuneprogrammet. – Innbyggjarane skal sjå resultata av arbeidet i form av betre tenester, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.


Kvalitetskommuneprogrammet er eit samarbeid mellom staten, arbeidstakarorganisasjonane og KS. 90 kommunar er no med i programmet som har betre kvalitet i møte med innbyggjarane i pleie- og omsorgsektoren og oppvekstsektoren som mål.


- Dette er ei satsing eg har stor tru på, seier Magnhild Meltveit Kleppa. – Kommunesektoren treng kontinuerlig omstilling og fornying der dei tilsette er viktige bidragsytarar. Dette programmer hjelper kommunane med å utvikla gode prosessar for det høvet. Ved å ta dei tilsette med på laget, trur eg vi i tillegg får betre arbeidsplassar og mindre sjukefråvær.

Alle kommunar har gjennom deltakinga si i programmet etablert eit trepartssamarbeid. Politikarane, tillitsvalde og den administrative leiinga samarbeider nært og har kome godt i gang med arbeidet. Alle kommunane driv systematisk jobbing med å redusera sjukefråværet.

- Kommunane må ta vare på sine tilsette. Menneska som arbeider i kommunane er kommunen sin viktigaste ressurs. Det er dei som møter innbyggjarane kvar dag og skal sjå til at desse møta vert gode opplevingar, seier Magnhild Meltveit Kleppa. – I arbeidet med å rekruttera og å halda på kompetente medarbeidarar, må kommunane dessutan jobba aktivt for å redusera sjukefråværet.

Statsråden har høge ambisjonar for kommunesektoren.


- Ved utgangen at 2009 skal innbyggjarane og dei tilsette ha merka at kommunesektoren er vitalisert. Eg ynskjer meg aktive og levande kommunar som er opne og tilpassar seg skiftande behov frå innbyggjarane og brukarane, seier statsråden.

Avtale om Kvalitetskommuneprogrammet vart underteikna av staten ved  Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, KS, og hovudsamanslutningane Akademikerne, LO-Kommune, YS-Kommune og Unio, i fjor haust.

Her finn du lenke til lista over dei nye kommunane som vart med i Kvalitetskommuneprogrammet i dag.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.