Historisk arkiv

Ås kommune vald ut som Grøn energikommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga lanserar Ås kommune som Grøn energikommune. Dermed er alle 22 Grøne energikommunar peika ut.

Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga lanserar Ås kommune som Grøn energikommune. Dermed er alle 22 Grøne energikommunar peika ut.

– Ås kommune er i ei særstilling når det gjeld utvikling av bioenergi som energikjelde, ved at Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) er lokalisert i kommunen og at det er inngått avtale om samarbeid mellom UMB og kommunen. Det er no fleire større planar om utbygging av fjernvarme i kommunen, seier Haga.

Grøne energikommunar er eit prosjekt som Åslaug Haga lanserte tidlegare i år. Kommunane som blir vald ut skal satse på energieffektivisering, fornybar energi og å få ned klimagassutsleppa i sin kommune. Dei grøne energikommunane skal utvikle klimaarbeidet sitt vidare og vere førebilete for andre kommunar. Ifølge forskarar ved Cicero og TØI kan kommunane bidra til å redusere klimagassutsleppa med opptil 15 prosent. 

– Det er no vald ut til saman 22 Grøne energikommunar. Ås kommune er den siste kommunen som vert vald ut, og no skal sjølve arbeidet med læring i nettverk begynne. Kommunane vil få tilgang til eigne energi- og klimarådgivarar. Dei skal både lære av kvarandre og vere førebilete for andre kommunar, seier Haga.

– Kommunane som er vald ut som Grøne energikommunar er gode døme på at sjølv ein liten kommune i eit lite land kan gjere ein stor innsats for både energi- og klimautfordringane, seier Haga.

Om Grøne energikommunar:
"Grøne energikommunar" handlar om å få kommunane til å satse på energieffektivisering, alternativ fornybar energi, som bioenergi, og å få ned klimagassutsleppa i kommune-Noreg. KRD skal bruke 30 millionar kroner til prosjektet og vil mellom anna bidra med midlar til klima- og energipådrivarar i dei enkelte nettverka.

Kommunane som er vald ut som Grøne energikommunar fordelar seg på desse nettverka:
Hadeland:  Gran, Lunner, Jevnaker og Oppland fylkeskommune
Sør-Norge:  Ås, Re, Lier og Ringerike
Midt-Norge: Trondheim, Rennebu, Sunndal og Tingvoll
Hedmark:   Trysil, Åmot, Elverum, Stor-Elvdal og Engerdal
Nord-Norge: Bardu, Målselv, Lenvik, Sørreisa og Narvik.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.