Historisk arkiv

Åslaug Haga presenterer nytt stadutviklingsprogram på Løten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Husbanken sitt nye stadutviklingsprogram ”BLEST – Bolyst og engasjement i små byar og tettstadar” vart presentert av kommunal- og regionalminister Åslaug Haga i dag. ”Bøndsen” på Løten i Hedmark er det første av få utvalde signalprosjekt i programmet som no startar opp.

Husbanken sitt nye stadutviklingsprogram ”BLEST – Bolyst og engasjement i små byar og tettstadar” vart presentert av kommunal- og regionalminister Åslaug Haga i dag. ”Bøndsen” på Løten i Hedmark er det første av få utvalde signalprosjekt i programmet som no startar opp.

- Tanken er å vise fram stadar der det finst eit lokalt engasjement bak gode prosjekt og understøtte desse. Eit viktig siktemål er å sette stadutvikling på dagsorden, skaffe fram kunnskap og vere med på å spreie dei gode røynslene slik at dei kan nyttiggjerast av fleire, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.
For å sette ekstra fokus på arbeidet med stadutvikling i norske kommunar og fylkeskommunar, lanserer Husbanken og kommunal- og regionalminister Åslaug Haga no eit nytt program for utvikling av små byar og tettstadar. Programmet ”BLEST- Bolyst og engasjement i små byar og tettstadar” skal gå over fire år. Føremålet med programmet er å stimulere til og støtte opp under det arbeidet for tettstadsutvikling som allereie finst i norske kommunar og fylkeskommunar.

Fylkeskommunane får midlar til dette over statsbudsjettet, og ein styrka kommuneøkonomi legg betre til rette for satsing i kommunane. I tillegg vil Husbanken altså plukke ut og støtte spesielt opp under enkelte gode prosjekt med midlar og fagleg kompetanse.

Kommunal- og regionalministeren strekar under at dette initiativet ikkje er det eine store svaret på utfordringa med å utvikle meir attraktive bygder og småbyar, men at programmet er eit tillegg til arbeidet som allereie blir gjort på feltet.
Eitt døme på eit godt prosjekt fann Husbanken på Løten. Husbanken har løyvd ein million kroner til å utvikle Bøndenes hus på Løten som eit signalprosjekt i programmet BLEST.

- Andelslaget ”Bøndsen”, som har kjempa for Bøndenes Hus på Løten, er eit døme på ei gruppe lokale ildsjeler som vil utvikle eit historisk hus i sentrum til ein møteplass. Vi treng ildsjeler for å skape attraktive stadar og lokalsamfunn, seier Åslaug Haga.

Heile programmet BLEST er å finne på Husbanken sine heimesider, www.husbanken.no

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.


Joachim Myklebust (balanserende på rekkverket) fra Bolystrådet hold apell om behovet for attraktive småsteder da statsråd Åslaug kunngjorde at Bøndsen på Løten i Hedmark får en million kroner fra Husbanken i BLEST-midler. Fra venstre ordfører Martin Skramstad og Bøndsenforkjemperne Vigdis Vingelsgaard og Ingeborg Storbæk. (Foto: Tor Strand)

 
Bøndsen på Løten i Hedmark. Foto: Tor Strand.