Kommunal- og regionaldepartementet løyver 425 000 kroner til prosjektet ”Cittaslow – det gode liv i Sokndal” som del av den nasjonale småsamfunnssatsinga.

Sokndal kommune i Rogaland ønskjer å gjennomføre eit prosjekt for å skape gode lokalsamfunn med utgangspunkt i tankegangen omkring den italienske rørsla Cittaslow. Ein ønskjer å arbeide aktivt for å involvere lokalsamfunnet og gjennomføre prosjekt lokalt i kommunen. Konkret ønskjer Sokndal å utarbeide presentasjons-materiell og profilering med lokal forankring og utføre tiltak i kommunen med hovudfokus på auka livskvalitet og identitet på ein måte som engasjerer innbyggarane i kommunen. 

- Fokuset på kvalitet, begraving av jantelova, samarbeid med lokalsamfunn i Noreg og utlandet har fått stor oppslutning og skapt engasjement blant folk i Sokndal. Slike initiativ og vilje til å satse er avgjerande for å skape attraktive stader utanfor dei største byane, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Cittaslow-rørsla vart stifta i 2000, då 33 byar i Italia møttest og skreiv under på eit medlemscharter som grunnlag for arbeidet i rørsla. Også ein by i Tyskland og ein i Kroatia har slutta seg til. I Noreg er Levanger medlem i tillegg til Sokndal.

Livskvalitet er det viktigaste føremålet for rørsla. ”Det er ingen turistar i Cittaslow, men mange gjester som er på besøk.” Cittaslow bygger blant anna på prinsipp om å ta vare på det unike ved stedet, vektlegging av lokale mat- og handverkstradisjonar og ikkje minst gjestfridom og eit medvit om at heile kommunen skal involverast i å skape eit godt liv i lokalsamfunnet. Det er utarbeidd 55 kriterium for medlemskap i Cittaslow innanfor områda miljøpolitikk, infrastruktur, teknologi, verdsetting av lokal produksjon, gjestfridom og medvitsgjering.

- Det er spennande å sjå at kommunen går nye vegar for å utvikle sitt lokalsamfunn og samtidig tek utgangspunkt i dei kvalitetar som alt finst på staden, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. Regjeringa vil leggje til rette for at folk skal ha reell fridom til busetjing i by og bygd, og at vi skal ta heile landet i bruk for å auke verdiskapinga, seier Åslaug Haga.

Sokndal ønskjer å vere annleis i høve til andre kommunar. Det skal vere lov å vere litt galne. Kommunen skal ha fokus på gjestfridom, kvalitet, det ekte og det unike.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.