Historisk arkiv

Breitt forskarsamarbeid skal greie ut om sentraliseringa sin pris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- No skal vi på fagleg grunnlag få greidd ut kva pris sentraliseringa i landet vårt har, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. Ho ventar at prosjektet vil bety debatt om konsekvensar av sentralisering.

- No skal vi på fagleg grunnlag få greidd ut kva pris sentraliseringa i landet vårt har, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. Ho ventar at prosjektet vil bety debatt om konsekvensar av sentralisering.

Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) i samarbeid med Transportøkonomisk institutt, Sweco Eurofutures (Sverige), Nordlandsforskning og Norut-NIBR Finnmark, har fått i oppdrag å utgreie kostnader og verknader av sentraliseringa som går føre seg i landet.

- Gjennom vår politikk ønskjer vi å gi folk reelt høve til å busette seg der dei ønskjer. Eg trur ikkje folk har det i dag. Vi skal jobbe med å legge forholda betre til rette for slik valfridom, seier Haga.

Utgreiinga om kostnader og verknader av sentraliseringa skal skje på tre nivå:

  • Individ, hushald og bedrift
  • Kommune, lokalsamfunn og region
  • Nasjonen som heilskap

Prosjektet vil inkludere både makroøkonomiske berekningar for nasjonen, kostnader for kommunar og kvalitative studiar av folk sine opplevingar av situasjonen. Forskarane vil gjere ei samla vurdering der konsekvensar på dei ulike nivåa blir drøfta i samanheng, utan at dei set desse opp mot kvarandre i eit reknestykke med to strekar under svaret.

Prosjektet kostar fem millionar kroner og sluttrapporten vert presentert ved årsskiftet 2008/ 2009. Arbeidet skal brukast som fagleg grunnlag for neste stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken.

- NIBR -gruppa har laga ei spennande prosjektskisse der dei inkluderer grundige studium på dei tre nivåa. Vi gler oss til å sjå resultata av utgreiinga. Eg håpar også at prosjektet kan gi grunnlag for mykje debatt om både sentralisering og distriktspolitikk, seier Åslaug Haga.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Olaf Foss, Steinar Johansen, Åslaug Haga og Hallgeir Aalbu
Desse forskarane skal finne fram til kostnadane av sentraliseringa som skjer i Norge for tida: Frå venstre Olaf Foss ved NIBR, Steinar Johansen ved TØI og Hallgeir Aalbu ved Sweco Eurofutures som her helsar på kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. (Foto: Roger Holmsen, KRD)