Historisk arkiv

Rekord-få kommunar i ROBEK

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa si sterke satsing på kommunane gjennom å heve kommune-sektorens inntektsnivå med 20 milliardar kroner, gir gode resultat.

Regjeringa si sterke satsing på kommunane gjennom å heve kommune-sektorens inntektsnivå med 20 milliardar kroner, gir gode resultat.

- At talet på kommunar som er ”økonomisk svartelista” i ROBEK-registeret er det lågaste nokon gong, er veldig gledeleg, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Per 31. juli 2007 er det 49 kommunar som er oppførte i Register for betinga godkjenning og kontroll (ROBEK). Dette er det lågaste talet på kommunar sidan opprettinga av ROBEK 1. januar 2001.

Talet på kommunar som til ei kvar tid har vore oppført i ROBEK har variert mykje sidan opprettinga av registeret. 1. januar 2001 var det 57 kommunar i ROBEK, noko som har vore det lågaste talet heilt fram til 2007. Hausten 2004 var heile 118 kommunar oppførte i ROBEK, dette er det høgaste talet som har vore registrert i ROBEK. Talet på kommunar i registeret har gått nedover sidan 2004, og i august 2006 var talet på kommunar i ROBEK 73. Med 49 kommunar registrerte per 31. juli 2007 er talet på kommunar i ROBEK det lågaste sidan innføringa av registeret. Talet kan framleis gå ned, då fristen for å melde kommunar inn eller ut av ROBEK hausten 2007 er 15. august.

- Regjeringa er godt i gang med å rydde opp i kommuneøkonomien. Kommunane bruker dei 20 milliardane til å levere fleire og betre tenester innanfor barnehagar, pleie, omsorg og skole, seier Haga.

___

Etter at pressemeldingen ble sendt ut tidligere i dag, er Kviteseid og Salangen nå også meldt ut av registeret. Det totale antallet kommuner registeret 31. juli 2007 er dermed 47.