Statsråden heidrar beste tiltak for bustadlause i 2007
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 12.11.2007
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa delte i dag ut Statens tiltakspris for bustadlause for 2007 til prosjektet Busetjing av prøvelauslatne i Oslo.
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa delte i dag ut Statens tiltakspris for bustadlause for 2007 til prosjektet Busetjing av prøvelauslatne i Oslo.
- Gratulerer! Busetjing av prøvelauslatne er eit framifrå døme på godt arbeid for å førebyggja og avskaffa bustadløyse. Tiltaket har makta å skapa ein betre overgang frå fengsel til fridom: Omlag 80 domfelte har flytta til eigne bustader etter lauslating frå Oslo fengsel gjennom dette prosjektet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Busetjing av prøvelauslatne - tiltak overfor gjengangarar (TOG) – er eit samarbeid mellom Oslo fengsel og Oslo friomsorgskontor. TOG er ei eiga avdeling i fengselet som dei domfelte kan søkja seg til for å få lagt til rette lauslating best mogleg. Målsetjinga med tiltaket er at den dømde ikkje skal utføra ny kriminalitet etter sont dom.
- Ein god og trygg bustad må vera på plass for å kunna starta på eit liv utan kriminalitet. Busetjing etter lauslating er eit døme på tiltak som medverkar til å førebyggja både kriminalitet og bustadløyse. Slike tiltak vil vi ha fleire av, seier Magnhild Meltveit Kleppa.
Dei tre andre tiltaka som var nominerte til prisen for beste tiltak for bustadlause 2007, var Samarbeidsprosjektet færre utkastingar - 3 bydelar i Oslo, Butilbod for kvinner i Sandviken - Bergen kommune og Frå fengsel til bustad - Oslo kommune.
For meir informasjon om prosjekta, sjå Husbanken sine nettsider.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon 22 24 25 00.