Historisk arkiv

Strengare reglar om habilitet i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

- Vi treng strengare reglar om habilitet for å sikre større rolleklårleik i kommunane, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa som i dag sender nye reglar på høyring.

– Vi treng strengare reglar om habilitet for å sikre større rolleklårleik i kommunane, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa som i dag sender nye reglar på høyring.

Forslaga i høyringsnotatet er regelendringar som skal bidra til auka openheit og rolleklårleik i kommunane. Departementet følgjer dermed opp forslaga som ei arbeidsgruppe kom med i mars i år. Forslaget har vore diskutert i Forum for etikk i kommunesektoren og inneber at eit styremedlem ikkje kan vere med på handsaminga av saker som gjeld selskapet i til dømes kommunestyret.

– No etter valet har kommunane eit godt høve til å sjølve å fokusera på rollene sine. Eg vil oppmoda dei nye kommunestyra som i desse dagar konstituerer seg og fordeler verv, til å tenkje gjennom rollene sine, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa. - Eg vonar òg at dei folkevalde vil tenkje ekstra nøye gjennom kven dei plasserer i kontrollutvala i kommunane.

Departementet har fleire forslag som kan bidra til auka openheit og høgare merksemd på etiske problemstillingar i kommunane.
- Kommunane skal no setje etikk på dagsorden gjennom eit krav om at etikk skal vere tema i årsmeldinga til kommunane. Kommunane må rapportere i årsmeldinga si om kva dei har gjort for å sikre ein høg etisk standard i verksemda, seier Kleppa.

Ho meiner meir openheit vil skape tillit og hindre uetisk framferd.
– Eg vil difor ha større openheit om mellom anna godtgjeringa til styret i kommunale føretak og interkommunale selskap, seier Kleppa.
Statsråden slår fast at nye reglar er viktig, men at det viktigaste arbeidet for å sikre og styrke kommunane sitt omdøme må skje lokalt.
– Staten kan ikkje vedta høg etisk standard i kommunane. Eg vonar at mange vil uttale seg til forslaga, og eg kan love at eg vil lytte til kva kommunane og andre aktørar har å seie om forslaga som departementet no presenterer, seier statsråden.

Høyringsnotatet inneheld også forslag til lovendring som vil gjere det mogeleg å suspendere politikarar som er sikta eller tiltalt for valjuks.
- Dette er det første tiltaket vi sett i verk for å hindra valjuks. Eg vil og så nærare på andre endringar, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.