Historisk arkiv

6,5 million til auka kvinnedeltaking i regional innovasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 6.5 millionar kroner til Forskingsrådet for å auke kvinnedeltakinga i regional innovasjon. Midlane skal brukast i det nye Forskingsrådsprogrammet verkemiddel for regional innovasjon (VRI).

- VRI-programmet skal stimulere til meir regional samhandling mellom næringsliv, FoU- institusjonar og offentlege myndigheiter, seier Kleppa. - Programmet skal mobilisere til auka FoU-innsats i regionane gjennom eit styrkt samarbeid mellom bedrifter og FoU-institusjonar.

Midlane som no vert tilførte programmet skal brukast til å auke kvinnedeltakinga innanfor dei innsatsområda og verkemidla regionane sjølve prioriterer og forpliktar seg til. Moglege verkemiddel kan vere bedriftsretta FoU- prosjekt eller å stimulere til meir personmobilitet mellom FoU-miljø og bedrifter. Det siste kan gjerast anten ved at studentar og ferdig utdanna kandidatar kan samarbeide med, og delta i FoU-prosjekt i bedrifter, eller ved at ein rekrutterer kvinner frå næringslivet til professor II-stillingar på universitet og høgskolar.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00