Bu- og flyttemotivundersøking 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 28.10.2008
Arbeid er framleis viktig, men andre motiv påverkar og folks bustadval.
Arbeid er framleis viktig, men andre motiv påverkar og folks bustadval.
I den nye bu- og flyttemotivundersøkinga til SSB og Norsk institutt for by og regionforskning (NIBR), går det fram at andre motiv enn arbeid har størst betyding for folks bustadval. Relevant arbeid og bustad må likevel liggja til grunn når ein vel kor ein vil bu. Andre motiv kjem i tillegg til, ikkje i staden for, arbeid og bustad.
- Det handlar om å skapa reell valfridom for folk til å busetja seg der dei sjølv ynskjer. Arbeid er ikkje nok. Distrikts- og regionalpolitikken sine oppgåver er mellom anna å leggja tilrette for å skapa attraktive arbeidsplassar og å bidra til å utvikla stads- og miljøkvalitetar, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa i ein kommentar.
Den nye bu- og flyttemotivundersøkinga svarer på kvifor folk bur der dei bur. Undersøkinga, som SSB og NIBR har gjort, syner at i oppgangstider, når folk tar arbeid for gitt, får andre faktorar auka betyding for folk sine val av bustad og påverkar derfor dei flyttemønstra vi observerer.
Eit viktig resultat frå den nye bu- og flyttemotivundersøkinga er at individorienterte faktorar som familie har auka i betyding, samanlikna med undersøkinga frå 1972. Det same har stads- og miljøfaktorar.
- Undersøkinga vert presentert onsdag 29. oktober 2008 kl 09.00
- Stad: SSB, Kongens gate 6, Oslo
- Demografisk forum. Bo- og flyttemotivundersøkelsen 2008 (pdf).
Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.