Fleire kommunar vil få vekst i folketalet i åra som kjem. Det syner folketalsframskrivingar frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Medan folketalet i 2006 gjekk ned i 231 kommunar, var det nedgang i berre 168 kommunar i 2007.

SSB forklarar dette i stor grad med den høge innvandringa som no kjem store delar av landet til gode. Men og den innanlandske flyttinga er med på å gjera sitt til at fleire kommunar har vekst i folketalet. Nye oversikter frå SSB over den innanlandske flyttinga påviser eit trendbrot i sentraliseringstendensane i 2007. Sidan 2002 har den innanlandske flyttinga gått i stadig meir sentraliserande retning, men no er nettoinnflytting til storbyområda noko mindre. Det er dei mest periferifere kommunane som no nyter godt av fleire tilflyttarar.

Nye folkeframskrivingar frå SSB syner at i åra som kjem vil folketalet minka i litt over 150 kommunar. Føresetninga frå SSB er at dagens høge innvandringsnivå held seg.

Innvandrarar er no viktige for verdiskapinga og folketalsutviklinga i alle delar av landet. Det er difor særs viktig at innvandrar vert tekne godt i mot og integrert i lokalsamfunna på line med andre tilflyttarar.

SSB føreset og at sentraliseringa held seg på dette nivået i åra 2003-2007. Men om den reduserte utflyttinga frå periferikommunane held fram, kan ein venta at endå fleire kommunar vil oppleva folketalsvekst.

- Det er viktig at regjeringa held fram med ein langsiktig og kraftfull innsats for at folk skal ha ein reell valfridom i val av kor ein skal bu i landet, seier kommunal- og regionalminister Magnild Meltveit Kleppa.

- Regjeringa har sett i gang eit distriktspolitisk løft som vi no ser dei første resultata frå. Gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift, styrkt kommuneøkonomi og betra samferdsletilbod betyr mykje. I 2009 legg regjeringa fram ei ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken som skal legge rammene for politikken i komande stortingsperiode.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.