Kommunal- og regionalminister Magnhild Kleppa bidrar med ein million kroner til prosjektet "Havna – det pulserende hjerte i bygda Hasvik kommune i Finnmark. Støtta blir gitt som ein del av Husbanken sitt stadutviklingsprogram ”BLEST – Bolyst og engasjement i småbyar og tettstader”.


Programmet ”BLEST- Bolyst og engasjement i små byar og tettstader” vart starta opp i 2006 og skal gå over fire år. Seks prosjekt vart starta opp i 2006, tre signalprosjekt vart starta opp i 2007. Sju nye prosjekt blir starta opp i 2008. Til saman 19 millionar kroner er løyvd til BLEST-arbeidet til no.

Eit av prosjekta i 2008 er "Havna – det pulserende hjertet i bygda” i Hasvik kommune. Føremålet med stadutviklingsprosjektet er å legga til rette infrastrukturtiltak i Breivikbotn hamneområde for å fremja vekst innan fiskerelaterte næringar og reiseliv, samt virka trivselsfremjande for folk og tilreisande. Prosjektet skal etablera gode møteplassar som til dømes uterom i indre hamn. Ei anna del av prosjektet skal fremja auka stoltheit, tilhøyrsle, ei sterkare identitetsbygging og utvikling av gode ambassadørar blant kommunen sine eigne innbyggjarar. Auka innbyggjarmedverknad gjennom deltaking i utforming og gjennomføring av dei ulike delprosjekta er hovudmåla i prosjektet.

- Tanken bak BLEST er å visa fram stader der det finst eit lokalt engasjement bak gode prosjekt, og å understøtta desse. Eit viktig siktemål er å setja stadutvikling på dagsordenen, skaffa fram kunnskap og vera med på å spreia dei gode erfaringane slik at dei kan nyttiggjerast av fleire, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kommunal- og regionalministeren strekar under at dette initiativet ikkje er det eine store svaret på utfordringa med å utvikle meir attraktive bygder og småbyar, men at programmet er eit tillegg til arbeidet som alt blir gjort på feltet.