Inspirasjonsside for omdømmebygging i kommunar og regionar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Nr: 120/2008 | Dato: 22.09.2008
Kommunal- og regionaldepartementet lanserer i desse dagar nettstaden Ry. – Sidene skal vera til inspirasjon og nytte i omdømmearbeid i kommunar og regionar, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.
Kommunal- og regionaldepartementet lanserer i desse dagar nettstaden Ry.
– Sidene skal vera til inspirasjon og nytte i omdømmearbeid i kommunar og regionar, seier statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.
Ry er ein del av ei større satsing for å bygga opp under omdømmarbeid i kommunar og regionar i Distrikts-Noreg.
– Omdømmearbeid er viktig både for å auka konkurransekrafta til kommunane, styrka kommunane som attraktive arbeidsgjevarar og for å bli flinkare til å kommunisera det særeigne og spesielle ved kvar einskild kommune, seier statsråden.
Målgruppa for Ry-sidene er kommunar og regionar som driv omdømmearbeid. Sidene inneheld blant anna intervju med omdømmebyggjarar som deler erfaringane sine.
– Det skjer mykje spanande omdømmearbeid rundt om i landet. Gjennom Ry-sidene når erfaringane fleire. Eg vonar dei verkar inspirerande, seier Kleppa. Sidene inneheld også ei verktøykasse med sjekkliste, ordliste og andre verktøy, samt fleire faglege artiklar.
- Gjennom omdømmearbeid kan kommunane bli betre rusta til å eigne fortrinn, understrekar Kleppa.
Sidene vil bli vist fram på Arbeidslivskonferansen til KS måndag 22. september, der statsråden vil delta under opninga.
Inspirasjonssidene har adressa www.regjeringen.no/ry