Kleppa støttar Bluesbygda Skånevik
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 07.07.2008
Prosjektet Bluesbygda Skånevik har utvikla seg til ei suksesshistorie. No følgjer Kommunal- og regionaldepartementet opp med 680 000 kroner i støtte til prosjektet gjennom den nasjonale småsamfunnssatsinga.
Prosjektet Bluesbygda Skånevik har utvikla seg til ei suksesshistorie. No følgjer Kommunal- og regionaldepartementet opp med 680 000 kroner i støtte til prosjektet gjennom den nasjonale småsamfunnssatsinga.
- Bluesfestivalen er med på å gje Skånevik eit godt omdømme, og det er flott å sjå at mange er med på å sjå moglegeiter både for seg sjølve og andre. Eg støttar dette prosjektet med stor glede, og eg skal følgja godt med på kva som skjer vidare, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Prosjektet Bluesbygda Skånevik i Etne kommune i Hordaland vart starta opp i 2006. Målet var å skapa utvikling rundt bluesfestivalen i Skånevik og mobilisera heile bygda. Så langt har det gjeve mange og gode resultat. 13 ulike grupper er i gang med utviklingsprosjekt som varierer frå å utvikla helseturisme og bustader. Det er eit sterkt ønske om å halda fram arbeidet i bygda.
Visjonen for prosjektet er at Bluesbygda Skånevik skal verta ei tilflyttingsbygd, og få eit omdømme som ein stad som må vitjast.
Måla for 2008 og 2009 er:
• Dobla besøk av turistbussar samanlikna med 2007
• 30 netto nye innbyggjarar
• 50 nye arbeidsplassar
• Vidareutvikla helseturismeprosjektet, som alt er godt i gang.
- Det er gildt å sjå at småsamfunnssatsinga til regjeringa er med på å støtta opp under eldsjeler, og eg håpar dette er med på å halda oppe gnisten som i dag finst i Skånevik, seier Magnhild Meltveit Kleppa.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.