Historisk arkiv

Kleppa støttar forskingsprogram om kommunal eigedomsforvaltning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 1,5 millionar kroner til NTNU for å støtte eit fem-årig forskingsprogram om kommunal og fylkeskommunal eigedomsforvaltning.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 1,5 millionar kroner til NTNU for å støtte eit fem-årig forskingsprogram om kommunal og fylkeskommunal eigedomsforvaltning.

- Eg er oppteken av at kommunar og fylke skal ha gode føresetnadar for å drive god forvalting, drift og vedlikehald av eigne bygg, seier statsråd Kleppa.
Ho støttar Norges Teknisk-Naturvitenskaplige Universitet (NTNU) sitt forskings- og utviklingsprogram om utvikling og forvalting av offentlege bygningar i eit livsløpsperspektiv med 1,5 millionar kroner.

Departementet arbeider dessutan med å gje kommunar og fylkeskommunar god avgjerdsinformasjon gjennom informasjonsdatabasen KOSTRA, utarbeide ein rettleiar for berekning og praktisering av husleigeordningar og ikkje minst prioritere den kompetansehevinga som skjer gjennom KOBE (Kompetanse for Bedre Eiendomsforvaltning, www.kobe.be.no). KOBE har samarbeida med NTNU om forskingsprogrammet.

- Målet er på lang sikt betre eigedomsforvalting. På kortare sikt håper eg ein utviklar kunnskap og effektive verktøy som gjer betre grunnlag for politisk styring og faglig forvaltning av eigedommane som kommunar og fylkeskommunar disponerer. Det seier seg sjølv at dette er viktig arbeid. Vedlikehaldsetterslepet i kommunesektoren er på 50-150 milliardar kroner, seier statsråden.

Forskingsprogrammet er planlagt å gå over fem år.
- Eigedomsforvalting er eit viktig tema for kommunane og eg er svært nøgd med at departementet kan vere med på å initiere eit slikt program. Eg oppmodar andre som ønskjer godt arbeidsmiljø og gode bygg for brukarar og tilsette i kommunar og fylkeskommunar til å støtte opp om programmet, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.