Regjeringa har mål som mål at flest mogleg skal få etablera seg i eigen bustad. Bustøtte, bustadtilskot og startlån er viktige ordningar for å nå dette målet.

– NIBR har på bestilling frå Kommunal- og regionaldepartementet gjennomført ei evaluering som viser at desse ordningane ikkje fungerer godt nok saman. Rapporten utgjer eit viktig grunnlag for den vidare bustadpolitikken, seier kommunalminister Meltveit Kleppa.

Evalueringa er utarbeidd av Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR). Den stadfestar at det er lite samspel mellom ordningane. NIBR har utvikla ein modell som viser korleis ordningane verkar saman for ulike grupper av vanskelegstilte. Modellen synleggjer at det trengst ei betre bustøtte. – Sjølv om regjeringa allereie har gjort forbetringar i bustøtta, har vi ambisjonar om større omleggingar, fortel statsråd Kleppa.

I dag får over 100 000 husstandar med låg inntekt økonomisk støtte frå Husbanken til å dekka buutgiftene sine. Husbanken vil i år utbetala om lag 2,4 milliardar kroner i bustøtte. Regjeringa ynskjer likevel å endra regelverket slik at langt fleire husstandar blir innlemma i ordninga.  – Bustøtte skal koma dei svakast stilte i samfunnet vårt til gode. Difor er ordninga sentral i kampen mot fattigdom, seier statsråden.

Ei anna årsak til at samspelet ikkje fungerer godt nok er at enkelte kommunar treng meir kompetanse om korleis ein best kan forvalta ordningane. –Kommunane er spydspissen i det bustadsosiale arbeidet. Det er viktig at dei får god kunnskap om ordningane. Husbanken skal, saman med KS, til hausten gjennomføra ein landsomfattande kampanje for å styrka fokuset på startlånet og visa moglegheitene som startlånet gir, seier kommunal - og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.