Historisk arkiv

Kommunane skal ha god kontroll med eiga verksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa vil styrkja eigenkontrollen i kommunar og fylkeskommunar. Ei arbeidsgruppe skal kome med innspel til tiltak.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa vil styrkja eigenkontrollen i kommunar og fylkeskommunar. Ei arbeidsgruppe skal kome med innspel til tiltak.

- Eg set i dag ned ei arbeidsgruppe for å få fram forslag til tiltak som kan styrkja  kontrollutvala, revisjonane og internkontrollen til administrasjonen, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kommunelova krev at kommunane og fylkeskommunane skal ha eit folkevalt kontrollutval og ein revisor. I tillegg skal administrasjonssjefen ha internkontroll med verksemda.

- God kontroll med eiga verksemd er viktig, ikkje berre for å sikra tillit frå innbyggjarane, men òg for å sikra effektiv og riktig bruk av ressursane, seier Kleppa.

Halvparten av arbeidsgruppa er folkevalde. Dei andre er revisorar, administrasjonssjefar, ein forskar og eit medlem frå Kommunal- og regionaldepartementet.

- Eg ser fram til å ta fatt på dette viktige arbeidet, seier leiar av arbeidsgruppa, Bjørn Arild Gram som til vanleg er ordførar i Steinkjer kommune.

- Målet vil vere å levere ein rapport som inspirerer folkevalde og tilsette til å utvikle gode kontrollsystem i den enkelte kommune.

Arbeidet skal ferdigstillast før utgangen av 2009.

• Brev med deltakarane i arbeidsgruppa og mandatet deira.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.