Stønad til småsamfunnsprosjekt i Tingvoll
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 19.05.2008
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa stør Tingvoll kommune med 1.5 millionar kroner til eit nyskapande utviklingsarbeid med utgangspunkt i den rike miljø og kulturarven i Tingvoll. Statsråden signaliserer at ho ønskjer å støtte prosjektet også i 2009.
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa stør Tingvoll kommune med 1.5 millionar kroner til eit nyskapande utviklingsarbeid med utgangspunkt i den rike miljø og kulturarven i Tingvoll. Statsråden signaliserer at ho ønskjer å støtte prosjektet også i 2009.
- Tingvoll har ein unik regional posisjon som kultur- og kunnskapssenter. Dei har gjennom mange år profilert seg som økokommune. Eg er no glad for at vi har høve til å støtte dette prosjektet, seier Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa.
Prosjektet i Tingvoll skal ut frå et sterkt frivillig engasjement og eksisterande kompetansemiljø skape varierte former for miljø- og kulturbasert næringsutvikling. Det skal utviklast varige kompetansearbeidsplassar med utgangspunkt i økologisk satsing, formidling og fleirkulturell forståing.
Tingvoll kommune ønskjer å realisere 3 store delprosjekt;
- Etablere eit økologisk kunnskaps- og opplevingssenter på Bioforsk Økologisk
- Etablere et Midtnorsk folkemusikksenter på Åkerfallet
- Etablere ”Tingvollen” – et internasjonalt kunnskapssenter for lokaldemokrati, miljø og fleirkulturell forståing, i samarbeid med Tingvoll kyrkje
Vi har store forventningar til kva Tingvoll kan utrette i dette framtidsretta prosjektarbeidet, seier statsråden.
- Vi er no i gang med å peike ut nye pilotprosjekt i den nasjonale småsamfunnsatsinga. Vi har lova å bruke 100 millionar kroner i heile stortingsperioden. Med dei pengane som er sett av for 2008, har vi allereie sett av 107.5 millionar kroner, så her leverer regjeringa meir enn lova, seier statsråden.