- FabLab er eit nyskapande og innovativt, regionalt prosjekt som kan vere eit viktig bidrag til utviklinga i Namdalen. Eg er glad for at me har høve til å gje støtte til prosjektet, seier kommunal- og regionalministeren.

Fablab Høylandet har godt potensial til å bli ei suksesshistorie. Det er alt gjort ein grundig jobb for å bygge nettverk både lokalt, regionalt og mot kompetanse- og FoU-miljøa i heile Trøndelag. Dette vil være eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet. Fablab konseptet er opptatt av å ta i bruk ny teknologi og kunnskap som kan gjere næringslivet i regionen meir konkurransedyktig og skape nye arbeidsplassar. Konseptet har en bred målgruppe frå barn og unge til teknologibedrifter.

- Vi har store forventningar til kva Namdalen kan utrette i dette framtidsretta prosjektarbeidet, seier statsråden.

Den nasjonale småsamfunnssatsinga har treft godt i mange distriktskommunar.