Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa støttar Folgefonnlandsbyen Jondal i Hordaland med 1 million kroner gjennom den nasjonale småsamfunnssatsinga.

Støtta er ei oppfølging av eit forprosjekt som fekk støtte i 2006. Forprosjektet har skapt ei så brei mobilsering i Jondal at departementet no vel å bidra med 1 million kroner i 2008 til hovudprosjektet.

Jondal er ein av fem tettstader som har fått status som Nasjonalparklandsby hjå Direktoratet for naturforvaltning. Desse tettstadene er alle naturlege innfallsportar til ein nasjonalpark. Støtta frå Småsamfunnssatsinga går inn som ein del av regjeringa si satsing på fjellpolitikk.

- Det er viktig å ta vare på unike fjellområde og på same tida bruka potensial som finst for næringsutvikling i desse områda. I Jondal ser eg ein tydeleg vilje til dette, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Utviklinga i "Folgefonnlandsbyen Jondal" skal skje gjennom å skapa møte mellom breie og inkluderande bygdemobiliseringsinitiativ og ein vilje i næringslivet til å satsa kommersielt på den unike tilkomsten til isbreen Folgefonna. Å auka omfanget av og kvaliteten i service-tilbod frå offentleg og privat hald er også avgjerande. Hovudføremålet er å skapa eit dynamisk, livskraftig, inkluderande og attraktivt lokalsamfunn prega av skaparlyst, investeringslyst og bulyst.