Historisk arkiv

Vedtekter for Distriktssenteret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Vedtektene for det nye Kompetansesenter for distriktsutvikling - Distriktssenteret – er i dag fastsette gjennom kongeleg resolusjon.

Distriktssenteret er eit forvaltningsorgan underlagt Kommunal- og regionaldepartementet. Senteret vil vera operativt frå andre halvår i år, og formålet er å vera ein kunnskaps- og erfaringsbase og støttespelar for heilskapleg og berekraftig lokalsamfunnsutvikling i distrikta.

- Vedtektene trekkjer opp dei viktigaste rammene for verksemda til Distriktssenteret. Dei skal mellom anna medverka til at senteret får eit fagleg sjølvstende, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Vedtektene fastset mellom anna hovudoppgåvene til Distriktssenteret, tilhøvet til overordna styresmakt, oppgåvene til fagrådet og at senteret skal organiserast med avdelingar i Alstahaug, Sogndal og Steinkjer.