Historisk arkiv

16-åringar får røysta i 20 kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

20 kommunar og Longyearbyen lokalstyre får delta i forsøket med røysterett for 16- og 17-åringar ved kommunestyrevalet i 2011.

20 kommunar og Longyearbyen lokalstyre får delta i forsøket med røysterett for 16- og 17-åringar ved kommunestyrevalet i 2011.

- Heile 143 kommunar søkte om å få bli med på prosjektet. Interessa var overveldande. Skal vi behalda eit levande lokaldemokrati også i framtida, må vi ha ungdomen med oss. Eg vonar 16-åringar ved å kunna røysta ved lokalval, kjem fortare inn i ei rolle som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna sine, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I utveljinga er det lagt vekt på variasjon i storleik, geografi, sentralitet, politisk samansetning i kommunestyret og variasjon i alderssamansetninga.

– Saman med dette har vi lagt vekt på korleis kommunen i søknaden seier at dei vil trekkja ungdom med i politisk arbeid. Til saman vert dette eit forsøk som omfattar ulike typar kommunar i heile landet, seier Kleppa.

Desse kommunane vert med:

Marker    Østfold
 
Lørenskog  Akershus
 
Hamar  Hedmark
 
Vågå  Oppland
 
Sigdal  Buskerud
 
Re   Vestfold
 
Porsgrunn  Telemark
 
Grimstad  Aust-Agder
 
Mandal  Vest-Agder
 
Gjesdal    Rogaland
 
Stavanger  Rogaland
 
Austevoll  Hordaland
 
Luster  Sogn og Fjordane
 
Ålesund  Møre og Romsdal
 
Osen  Sør-Trøndelag
 
Namdalseid  Nord-Trøndelag
 
Tysfjord  Nordland
 
Kåfjord  Troms
 
Hammerfest  Finnmark
 
Kautokeino  Finnmark
 
Longyearbyen lokalstyre  Svalbard
 

I tillegg vil Longyearbyen lokalstyre gjennomføra forsøk. Longyearbyen er ikkje ein kommune, og forsøket må såleis stadfestast i ein kongeleg resolusjon frå Justisdepartementet.

Forsøket vil verta grundig evaluert. Eit forskingsmiljø vil etter konkurranse bli vald ut til å følgja forsøket frå oppstarten i 2010.  Våren 2010 vil det bli ei samling for mellom anna kommunane og forskarane. Dei 20 kommunane får i løpet av hausten meir informasjon om korleis forsøket vert lagt opp.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.